Donald McNicol Sutherland (17. juli1935–20. juni2024) var ein nordamerikansk skodespelar fødd i Canada. Sutherland hadde ein karriere på over 50 år. Han er kjend frå filmar som The Dirty Dozen, (1967) M*A*S*H og Kelly's Heroes (1970) og Invasion of the Body Snatchers (1978). Han har også spelt i britiske og USA-amerikanske fjernsynsseriar.
Sutherland vart fødd i Saint John i New Brunswick og voks opp i Bridgewater i Nova Scotia. Han studerte ved Victoria College ved Universitetet i Toronto, der han tok mastergrad i drama og ingeniørfag, før han drog til England for å studera ved London Academy of Music and Dramatic Art (LAMDA).
Han var far til skodespelaren Kiefer Sutherland.[1]