Dyspareuni
Dyspareuni | |||
Medisinsk namn | Dyspareunia | ||
---|---|---|---|
Klassifikasjonar og ressursar | |||
ICD-9-kode: | 625.0 | ||
ICD-10-kode: | F52.6, N94.1 | ||
MeSH | D004414 |
Dyspareuni (frå gresk dys-, ‘dårlig’ og parevnos, ‘samleie’) er smerte ved samleie eller, for kvinner, penetrering.[1] Det kan opptre hjå begge kjønn, men er vanlegast hjå kvinner.[2] Årsaka kan vera psykisk eller fysisk. Det oppter til dømes ved Sjögrens syndrom.
Dyspareuni hjå kvinner
Dyspareuni hjå kvinner kan oppstå ved penetrerande samlei eller innføring av til dømes tampongar. Det kan delas inn i ein ytre og ein djup variant. Den ytre varianten er dominert av smerte hovudsakleg frå vulva og vagina medan den djupe varianten har meir magesmerte og til dømes opptrer i samband med endometriose og myom.[1] Om smerta kjem av sjølve friksjonen i skjeden kan det koma av skjøre slimhinner eller xerosis cutis (tørrleik) i skjeden.
Om det ikkje blir behandla kan dyspareuni føra til vaginisme, som er ein ufrivillig muskelspasme eller vestibulitt.
Globalt er 8-22 % av kvinner i verda råka av dyspareuni ein eller annan gong i livet, ifølgje ein gjennomgang av fleire forskingsrapportar.[3]
Dyspareuni hjå menn
Dyspareuni kan også opplevast av menn. Menn kan kjenna smerta før eller under ejakulasjon i samband med infeksjonar i til dømes prostata, interstitiell cystitt, vissa kjønnssjukdommar, kort frenulum eller forhudsfortrenging.[4]
Om smerta kjem av ereksjonen, talar ein i staden om priapisme.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «Sexuella smärttillstånd hos kvinnor». Medibas start. Henta 19. februar 2019.
- ↑ Nesheim, Britt-Ingjerd (10. juli 2019). «dyspareuni». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Latthe, Pallavi; Latthe, Manish; Say, Lale; Gülmezoglu, Metin; Khan, Khalid S (2006-07-06). «WHO systematic review of prevalence of chronic pelvic pain: a neglected reproductive health morbidity». BMC Public Health. s. 177. ISSN 1471-2458. PMC 1550236. PMID 16824213. doi:10.1186/1471-2458-6-177. Henta 19. februar 2019.
- ↑ Whelan, P (1977-12-24). «Male dyspareunia due to short frenulum: an indication for adult circumcision.». British Medical Journal 2 (6103pmid=563279): 1633–1634. ISSN 0007-1447. Henta 19. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Dyspareuni» frå Wikipedia på svensk, den 18. juni 2020.