Ebb Tide

Ebb Tide
Singel av Frank Chacksfield
Språk engelsk
Utgjeve 1954
Sjanger Storband
Selskap Parlophone
Komponist Robert Maxwell
Tekstforfattar Carl Sigman
Låtskrivar(ar) Robert Maxwell, Carl Sigman
Ebb Tide
Singel av The Righteous Brothers
Språk engelsk
Utgjeve 1965
Sjanger Blue-eyed soul
Selskap Philles
Komponist Robert Maxwell
Tekstforfattar Carl Sigman
Låtskrivar(ar) Robert Maxwell, Carl Sigman

«Ebb Tide» er ein popsong, skriven i 1953 av tekstforfattaren Carl Sigman og komponisten Robert Maxwell. Songen byggjer seg opp for å illustrere havbølgjer som kjem inn og ut frå kysten, på grunn av fjøre (ebb tide på engelsk).

Innspelingar

  • Dei mest kjende versjonane er av Frank Chacksfield & His Orchestra (1953), Vic Damone (1953), Roy Hamilton (1954), Frank Sinatra (1958), The Platters (1960), Lenny Welch (1964) og the Righteous Brothers (1965). The Righteous Brothers sin vokalversjon vart den mest suksessrike og nådde femteplassen i USA. Bobby Hatfield song solo på songen og det var den siste songen som Phil Spector produserte for the Righteous Brothers. Denne vart følgd opp av hitsongen «Unchained Melody» som vart spelt inn med Roy Hamilton.
  • Det norske bandet The Pussycats fekk ein stor hit med «Ebb Tide» i Noreg og nådde andreplassen på VG-lista i 1965 og låg inne på lista (Topp 10) i åtte veker.
  • Sergio Franchi spelte songen i Webster Hall for sitt 1964 RCA Victor-album The Exciting Voice of Sergio Franchi.[1]
  • I 1966 spelte den italienske popstjerna Mina inn ein versjon for albumet hennar Studio Uno 66.
  • Jerry Colonna, Earl Grant, Matt Monro, Santo & Johnny og The Del-Satins med Johnny Maestro har òg spelt inn sine versjonar. I 1968 spelte Ella Fitzgerald songen på albumet «30 by Ella».
  • Ebb Tide var meint som A-sida til ein singel av David Rose & His Orchestra. «The Stripper», som vart ein førsteplass, var B-sida.
  • Ebb Tide vart òg spelt av Erasure i 2003 på albumet Other People's Songs.
  • Ebb Tide finst som eit skjult spor på Bonnie 'Prince' Billy-albumet The Letting Go i 2006.
  • Ein instrumental versjon av organisten Kenneth W. Griffin vart framført i den femte sesongen av fjernsynsserien Mad Men.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Album med innspelingar av «Ebb Tide»