Egypt under ptolemearane
Egypt i oldtida: ca 3000 f.Kr.–525 f.Kr. |
Egypt under ptolemearane viser til perioden mellom 332 f.Kr. og 30 f.Kr., då hellenske herskarar regjerte i Egypt. Aleksander den store hadde erobra Egypt i 332 f.Kr., og ein av generalane hans, Ptolemaios, fekk tittelen satrap i Egypt etter Aleksander sin død i 323 f.Kr. I 305 f.Kr. utropte han seg sjølv til kong Ptolemaios I, seinare kjend som «Soter» (frelsar), og etterkommarane hans er kjende som ptolemearane.
Egyptarane aksepterte ptolemearane som etterfølgjarar av faraoane av eit sjølvstendig Egypt. Ptolemaios sin familie herska over Egypt fram til romarane erobra landet i 30 f.Kr. Hellenismen, med gresk språk og kultur, hadde stor innverknad i Egypt i denne perioden.


Ptolemear-herskarar og ektefellar
Fleire av kongane delte makta med konene sine, som ofte også var systrene. Fleire dronningar herska over Egypt sjølv, den mest berømte av dei var Kleopatra VII (51–30 f.Kr.).
Regjeringstid | Herskar | Ektefelle | Anna |
305–282 f.Kr. | Ptolemaios I Soter | Eurydike, sidan Berenike I | |
284–246 f.Kr. | Ptolemaios II Filadelfos | Arsinoe I, sidan Arsinoe II Filadelfos | Herska saman med Ptolemaios Sønnen (267–259 f.Kr.) |
246–222 f.Kr. | Ptolemaios III Euergetes I | Berenike II | |
222–204 f.Kr. | Ptolemaios IV Filopator | Arsinoe III | |
204–180 f.Kr. | Ptolemaios V Epifanes | Kleopatra I | |
180–164 f.Kr., 162–145 f.Kr. | Ptolemaios VI Filometor | Kleopatra II | |
Ptolemaios VII Neos Filopator | Herska aldri | ||
170–163 f.Kr., 145–116 f.Kr. | Ptolemaios VIIIEuergetes II (Fyskon) | Kleopatra II, sidan Kleopatra III | |
132–124 f.Kr. | Kleopatra II Filometora Soteira | I opposisjon til Ptolemaios VIII | |
116–107 f.Kr., 88–81 f.Kr. | Ptolemaios IX Filometor Soter II (Lathyros) | Kleopatra IV, Kleopatra Selene | Herska saman med Kleopatra III i første regjeringsperioden hans. |
107–88 f.Kr. | Ptolemaios X Aleksander I | Kleopatra Selene, Berenike III | Herska saman med Kleopatra III fram til 101 f.Kr. |
81–80 f.Kr. | Berenike III Filopator | ||
80 f.Kr. | Ptolemaios XI Alexander II | Berenike III | Herska saman med Berenike III, sidan åleine i 18/19 dagar. |
80–58 f.Kr., 55–51 f.Kr. | Ptolemaios XII Neos Dionysos (Auletes) | Kleopatra V | Ekteparet var likestilte herskarar |
58–57 f.Kr. | Kleopatra V Tryfaena | Herska saman med Berenike IV Epifaneia (58–55 f.Kr.) | |
51–30 f.Kr. | Kleopatra VII | Hersket sammen med Ptolemaios XIII (51–47 f.Kr.) | |
48–47 f.Kr. | Arsinoe IV | I opposisjon til Kleopatra VII | |
47–44 f.Kr. | Ptolemaios XIV | Saman med Kleopatra VII | |
44–30 f.Kr. | Ptolemaios XV Cæsarion | Saman med Kleopatra VII |