Ellen

Ellen Terry-bygningen ved Universitet i Coventry.

Ellen er eit kvinnenamn som kan vera ei dansk-norsk eller engelsk avleiing av et greske Helena, som betyr 'lys' eller 'lysberer', eller ei nederlandsk kortform for Eleonora, som har noko uklar tyding.

Ellen har namnedag den 21. mai i Noreg, 18. august i Sverige og 10. februar i Finland.

Bruk

Ellen er eit vanleg namn i Skandinavia, Finland og Belgia. Det er også noko brukt i USA og Tsjekkia.

I Danmark var Ellen mykje brukt på jentebarn fødde først på 1900-talet.

Namneberarar

Ellen Johnson Sirleaf under eidstakinga som president av Liberia.
Foto: Shealah Craighead
  • Ellen Aslaksdatter Skum (1827–1895), norsk reindriftssame og medverkande i Kautokeinoopprøret
  • Ellen Terry (1847-1928), britisk skodespelar
  • Ellen Einan (f. 1931), norsk forfattar
  • Ellen Burstyn (f. 1932), opphavleg Edna Rae Gillooly, USA-amerikansk skodespelar
  • Ellen Johnson Sirleaf (f. 1939) første kvinnelege presidenten av Liberia
  • Ellen Auensen (f. 1944), norsk illustratør
  • Ellen Holager Andenæs (f. 1947), norsk advokat
  • Ellen Horn (f. 1951), norsk skodespelar og kulturminister
  • Ellen Nikolaysen (f. 1951), norsk skodespelar
  • Ellen Mortensen (f. 1953), norsk professor
  • Ellen DeGeneres (f. 1958), USA-amerikansk komikar, skodespelar og talkshow-vert
  • Ellen Chr. Christiansen (f. 1964), norsk stortingspolitikar
  • Ellen Hambro (f. 1965), norsk direktør for Statens forurensningstilsyn
  • Ellen Arnstad (f. 1965), norsk journalist og redaktør
  • Ellen Ugelvik (f. 1971), norsk pianist
  • Ellen Dorrit Petersen (f. 1975), norsk skodespelar
  • Ellen Kathrine Lie (f. 1976), norsk skøyteløpar
  • Ellen van Dijk (f. 1987), nederlandsk bane- og landevegssyklist
  • Ellen Sejersted Bødtker, norsk harpist

Annan bruk

Kjelder