Elva Lippe

Lippe
elv
Lippe i Lünen
Land Tyskland Tyskland
Nedslagsfelt 4 882 km²
Lengd 255 km
Kjelde Aust i Westfalen
 - høgd ±140 moh.
Munning Rhinen

Elva Lippe
51°46′53″ N 8°49′21″ E
Wikimedia Commons: Lippe River

Lippe er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 255 km. Ho har sitt utspring ved kanten av Teutoburger Wald i Bad Lippspringe nær byen Paderborn. Ho renn vestover gjennom Paderborn, Lippstadt og så nordover langs kanten av Ruhrområdet, gjennom byane Hamm, Lünen, Haltern og Dorsten. Elva munnar ut i Rhinen ved Wesel.

På grunn av avløpsvatn frå industrien og oppretting av elveløpet var Lippe i ein økologisk fryktleg tilstand. For tida vert det gjort tiltak for å gjenopprette dyrelivet i elva.

Området Lippe er kalla opp etter elva. Det var ein delstat i Det tysk-romerske riket og er i dag eit landkreis i Nordrhein-Westfalen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Elva Lippe