Emmanuel Macron

Emmanuel Macron

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 21. desember 1977 (46 år)
Amiens
Yrke investeringsbankmann, statsmann, funksjonær, politikar, deltakar i internasjonale forum, bankier
Språk fransk, engelsk
Høgd 1,73 meter
Politisk parti Renaissance, Parti socialiste, partilaus
Medlem av Commission pour la libération de la croissance française, Fondation franco-américaine
Religion agnostisisme
Far Jean-Michel Macron
Mor Françoise Noguès
Ektefelle Brigitte Macron
Nettstad https://en-marche.fr/emmanuel-macron
Emmanuel Macron på Commons

Emmanuel Jean-Michel Frédéric Macron (fødd 21. desember 1977) er sidan 14. mai 2017 president i Frankrike og samfyrste av Andorra.

Macron var frå august 2014 til august 2016 næringsminister i Valls II-regjeringa under president François Hollande. I april 2016 danna Macron den politiske rørsla En Marche og i november same året gjorde han det kjent at han ville vere kandidat ved den franske presidentvalet 2017, med eit sjølvstendig program og utan stønad frå dei etablerte partigrupperingane. Ved valet i april 2017 fekk han 24,01 % av røystene, flest av alle presidentkandidatane. I den andre valomgangen 7. mai 2017 fekk han 66,1 prosent av dei talde røystene, motkandidaten Marine Le Pen 33,9.

Den 14. mai 2017 tok Macron over som fransk president etter François Hollande.

Kjelder

Spire Denne politikkartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.