Engelsk fullblodshest

Engelsk fullblodshest er ein hesterase som vart utvikla på dei britiske øyane. Engelsk fullblodshest går for å vere den raskaste hesterasen i verda.
Raseskildring
Rasen er bygd for fart og gemyttet kan vere noko nervøst. Arabarhestpreget er tydeleg. Ein typisk engelsk fullblodshest har lange bein og kraftig brystkasse. Mankehøgda kan variere, men ligg i gjennomsnitt rundt 165 cm.
Historie
Engelsk fullblodshest vart til ved at arabarhingstar vart kryssa med britiske blandingshopper. Dei tre innførde arabarhestane som la grunnlaget for rasen var The Byerly turk, The Darley Arabian og The Godolphin Arabian. Målet var å utvikle ein rask hestetype som eigna seg til galopplaup. Stamboka for engelsk fullblodshest vart oppretta i 1791.
Førekomst
I dag førekjem rasen i store delar av verda. USA og Australia er dei landa som har flest eksemplar av engelsk fullblodshest.
Bruk
Engelsk fullblodshest vert fyrst og fremst nytta i hestesport som galopplaup.
Kjelder
- Store Norske Leksikon om engelsk fullblodshest
- Norsk forening for fullblodsavl
- Hesteplassen.no om engelsk fullblodshest[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
