Enz

Enz
elv
Jernbanebru over Enz i Bietigheim-Bissingen.
Land  Tyskland
Lengd 112 km
Kjelde Schwarzwald
Munning Neckar

Enz
48°46′37″ N 8°34′30″ E
Wikimedia Commons: Enz

Enz er ei elv i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Neckar frå venstre med ei lengd på 112 km.

Ho har to kjeldeelvar, Litle Enz og Store Enz, som har sitt utspring nord i Schwarzwald, sistnemnde ved Enzklösterle. I Calmbach renn dei to elvane saman og dannar Enz. Elva renn så gjennom Neuenbürg og Pforzheim, der ho renn ut av Scwarzwald. Ho renn så gjennom byane Vaihingen og Bietigheim-Bissingen. Dei nedre delane av elva renn gjennom eit vindistrikt. Enz munnar ut i Neckar i Besigheim.

I tidlegare tider var Enz ei viktig elv for tømmerfløting.

Kjelder