Eric Heiden
Eric Heiden | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 14. juni 1958 (65 år) Madison |
Yrke | skøyteløpar, sykkelryttar, ortoped |
Høgd | 184 centimeter |
Eric Heiden på Commons |
Eric Arthur Heiden (fødd 14. juni 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå i Madison i Wisconsin. Han vann samtlege fem gullmedaljar i skeiseløp for menn under Vinter-OL 1980 i Lake Placid. Heiden vart verdsmeister i firkamp og sprint både i 1977, 1978 og 1979. I 1980 vann han sin fjerde VM-tittel i sprint, men enda på sølvplass i firkamp-VM i Heerenveen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/97/Eric_Heiden_1980c.jpg/220px-Eric_Heiden_1980c.jpg)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eric Heiden» frå Wikipedia på nederlandsk, den 1. november 2016.