Erika

Erika og Erica er kvinnenamn med tre moglege avleiingar. I europeisk samanheng er dei avleidd av Erik/c, eit gammalhøgtysk namn som tyder 'eineherskar' eller 'hovding'. I japansk tradisjon kan Erika vera ei samansetjing av namnet Eri og etterstavinga -ka. Ein siste inspirasjon for namnet kan vera det latinske erica, som tyder 'lyng', og er namnet på ei plantegruppe av lyng.

Erika har namnedag 18. mai i Noreg og 24. januar i Sverige.

I 2008 var det 821 kvinner som heitte Erika og 411 som heitte Erica i Noreg.

Kjende namneberarar

Erika Mitterer, austerriksk forfattar, i 1930.
  • Erika Mann (1905–1969), tysk forfattar
  • Erika Mitterer (1906-2001), austerriksk forfattar
  • Erika von Brockdorff (1911-1943), tysk motstandskjempar
  • Erika Pluhar (f. 1939), austerriksk songar og skodespelar
  • Erika Eleniak (f. 1969), USA-amerikansk skodespelar
  • Erica Leerhsen (f. 1976), USA-amerikansk skodespelar
  • Erika Christensen (f. 1982), USA-amerikansk skodespelar
  • Erika Sawajiri (f. 1986), japansk skodespelar, modell og musikar
  • Erika Toda (f. 1988), japansk skodespelar