Eskişehir

Eskişehir
by
Bydelen Tepebaşı om vinteren.
Land  Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Eskişehir
Høgd 788 moh.
Koordinatar 39°47′N 30°31′E
Areal 2 678,00 km²
Folketal 648,396 [1]
Folketettleik 0 / km²
Borgarmeister Yılmaz Büyükerşen
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 26 xxx
Retningsnummer (+90) 222

Eskişehir
39°46′36″ N 30°31′14″ E
Wikimedia Commons: Eskişehir
Nettstad: http://www.eskisehir-bld.gov.tr/

Eskişehir (latinsk Dorylaeum; gammalgresk Δορύλαιον, Dorýlaion) er ein by nordvest i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Eskişehir. Byen har 648 396 innbyggjarar.[2] Han ligg ved breidda av Porsuk, 792 meter over havet, ovanom den frodige Frygiadalen. I dei nærliggande åsane finn ein varmekjelder. Eskişehir ligg 233 km vest for Ankara, 330 km søraust for Istanbul og 78 km nordaust for Kütahya. Han er kjend som ein universitetsby og både Eskişehir Osmangazi universitet og Anadolu universitet ligg i Eskişehir.

Klima

Eskişehir har eit kontinentalklima, med kalde, snørike vintrar med ein middeltemperatur på 0 °C og varme, tørre somrar med ein middeltemperatur på 30 °C. Det kjem mest regn om våren og hausten. I Köppen si klimaklassifisering har Eskişehir eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] På grunn av høgda har Eskişehir tørre somrar med kjølige netter. Nedbørmengdene er låge, men ein kan få nedbør året rundt.

Vêrdata for Eskişehir
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3,8 6,2 11,2 16,4 21,8 25,9 28,9 29,2 25 19,8 12,4 5,5 17,2
Gjennomsnittleg min °C −4,1 −3,9 −1,5 2,8 6,9 10,4 13,1 13 8,4 4,4 0,3 −2 4
Gjennomsnittleg nedbør mm 39,8 28,7 31,5 43,2 44,2 25,9 12,7 9,4 15,6 30,4 34,5 44 359,9
Gns. solskinstimar i månaden 77,5 140,6 158,1 183 260,4 309 353,4 331,7 267 186 123 65,1 2 454,8
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[4]Weather2[5]

Historie

Namnet Eskişehir tyder direkte omsett «gammal by» på tyrkisk. Byen vart grunnlagt av frygarane. Mange frygiske gjenstandar og skulpturar finst enno i det arkeologiske museet til byen. På 300-talet vart byen flytta ca. ti km nordaust, frå Karacahisar til Şehirhöyük.

Når det vart nemnt av gamle geografar, vart byen skildra som ein av dei venaste i Anatolia.

Utdanning

Det finst to universitet i Eskişehir. Desse er Anadolu universitet og Eskişehir Osmangazi universitet. Borgarmeisteren Yılmaz Büyükerşein har vore rektor på Anadolu universitet.

Sport

Klubb Sport Stiftet Liga Hjemmebane
Eskişehirspor Fotball 1965 Turkcell Super League Eskişehir Atatürk stadion
Anadolu University Basketball ? Turkish Basketball League 2 Anadolu University Sports Hall

Kjende innbyggjarar

  • Battal Gazi - muslimsk helgen frå 700-talet, som er gravlagd i Seyitgazi
  • Yunus Emre - tyrkisk folkepoet frå 1200-talet
  • Sheik Edebali - religiøs leiar og andeleg grunnleggjar av Det osmanske riket
  • Nasreddin Hoca - filosof frå 1200-talet
  • Behiç Erkin - første direktøren (1920-1926) av den tyrkiske jarnbana, minister for offentlege arbeid (1926-1928), tyrkisk ambassadør (Budapest 1928-1939, Paris og Vichy 1939-1943)
  • Yakup Satar - siste tyrkiske veteranen frå første verdskrigen
  • Orhan Oguz - frofessor, grunnleggjar og første rektoren på Marmara universitet
  • Fahrettin Kerim Gökay - professor, tidlegare borgarmeister i Istanbul (1949-1957), tidlegare tyrkisk ambassadør (Bern) og tidlegare statsminister
  • Yilmaz Büyükerşein - professor, ordførar Eskişehir, Reporter, spaltist, karikaturtegner, redaktør, tidlegare rektor ved Anadolu University, tidlegare medlem av RTYK, Professional Wax Sculptor
  • Cüneyt Arkin - skodespelar og lækjr
  • Eqrem Çabej - lingvist
  • Serpil Çakmaklı - skodespelar
  • Melis Birkan - skodespelar
  • Zeki Sezer - tidlegare leiar av Det demokratiske Venstrepartiet DSP​​, kjemiingeniør, Minister of State (57nde regjeringa)
  • Hasan Polatkan - politikar
  • Mehmet Terzi - langdistanseløper
  • Ömer Çatkıç - fotballspelar
  • Neslihan Demir - volleyballspelar
  • Ipek Şenoğlu - tennisspelar
  • Ersan İlyasova - basketballspelar
  • Kerem Gönlüm - basketballspelar
  • Emin Boztepe - kampidrettsutøvar
  • Mithat Körler - artist
  • Asya - artist
  • Ertugrul Algan - universitetslektor, fotograf, forfattar
  • Nazmi Agil - førelesar, poet
  • Nur Ipek Vonde - forfattar
  • Tuna Kiremitçi - forfattar, spaltist, komponist
  • Enis Batur - forfattar, foredragsholder
  • Nuri Alco - skodespelar

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Eskisehir frå Wikivoyage