Eugène Boudin

Eugène Boudin

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 12. juli 1824
Honfleur
Død

8. august 1898 (74 år)
Deauville

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri, marinemåleri
Eugène Boudin på Commons
Strand i Trouville, 1867
Portrieux-kysten i Cotes-du-Nord, 1874

Eugène Boudin (12. juli 18248. august 1898) var ein fransk landskapsmålar frå Honfleur i Normandie. Motiv med hav og himmel går att i arbeida hans. Han vert rekna som ein banebrytar for impresjonismen, og ein av dei fyrste friluftsmålarane.

Liv og gjerning

Boudin var son til ein hamnnelos og arbeidde frå han var ti år gammal som matros på ei dampdriva ferje som gjekk mellom Le Havre og Honfleur. I 1835 flytta familien til Le Havre, der far hans dreiv ein butikk med papirvarer og biletrammer. Sonen arbeidde i butikken, som han seinare overtok.

Boudin vart kjend med fleire målarar frå regionen, og stilte ut av bileta deira i butikken sin. Målarar som Constant Troyon, Jean-François Millet og Eugène Isabey oppmuntra Boudin til sjølv å byrje måle. Sine fyrste eigne bilete stilte han ut i rammeforretninga si i Le Havre. 22 år gammal satsa han som kunstmålar på heiltid.

Med stipend frå byen Le Havre reiste han i 1851 til Paris for å studere. Han var på studieturar både til Flandern, Sør-Frankrike, Venezia, og framfor alt Bretagne. Likevel var det heimtraktene i Normandie som stod han nærast.

Noko etter 1850 danna det seg ein liten kunstnakoloni i Ferme Saint-Simeon nær Honfleur. Boudin vart her venn med andre kunstnarar som Gustave Courbet, Johan Jongkind, Claude Monet og førnemnde Isabey og Troyon, målarar som han inspirerte til å måle i friluft. I lag med Jongkind måla han på 1860-talet ei rekke miniatyrbilete frå kysten i Normandie.

Frå 1859 stilte Boudin jamnt ut bilete på salongen i Paris. I 1874 deltok han med verk på den alle første impresjonistiske utstillinga i Paris, som fotografen Nadar stod bak.

Boudin sine måleri er prega av eit inntrengande og rikt studium av lysspelet over landskapet; verka hans vart lovprisa i samtida og er framleis mykje påakta. Favorittmotivet hans var badebyar med si stemning av friluftsliv og av eit borgarleg liv som tillet slike forlystingar.

Boudin døydde i Deauville i 1898 og vart gravlagt i bydelen Montmartre i Paris.

Kjelder

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Eugène Boudin