Fagerstrand
Fagerstrand | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Nesodden | ||
Areal | 1,86 km² | ||
Folketal | 2 932 (2023) | ||
Folketettleik | 1 576 / km² | ||
Postnummer | 1454 FAGERSTRAND | ||
Preposisjon | på Fagerstrand | ||
Fagerstrand 59°44′15″N 10°35′39″E / 59.73746°N 10.59404°E | |||
Wikimedia Commons: Fagerstrand |
Fagerstrand er ein tettstad heilt sør i Nesodden kommune i Akershus, på vestsida av Nesoddlandet, ned mot Oslofjorden. Staden har 2 932 innbyggjarar per 1. januar 2023. Det er vel 16 kilometers køyring nordover frå Fagerstrand til Nesoddtangen.
På Fagerstrand ligg Bakkeløkka ungdomsskole og barneskulen Myklerud skole.
Norsk Brændselolje, som var skipa som aksjeselskap i Oslo i mai 1920, hadde frå 1922 hovudtankanlegget sitt på Fagerstrand. Frå dette tankanlegget vart det selt bensin, fyringsolje (brenselolje), dieselolje og solarolje. Etter andre verdenskrigen vart Norsk Brændselolje A/S distributør av produkta til British Petroleum (BP) i Noreg, som i samband med dette overtok femti prosent av aksjane i Norsk Brændselolje A/S. Heile selskapet vart i 1976 overteke av Statoil, som omorganiserte det. Oljelageret på Fagerstrand og den tilhøyrande smøreoljefabrikken er framleis i drift.
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Eldre fotografi frå Fagerstrand på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Akershus å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.