Fantasy, på norsk òg kalla fantastisk litteratur eller fantasia, er ein litterærsjanger som er i slekt med eventyr. Ein samnemnar for fantasy-forteljingar er at dei går føre seg i ei verd der bruk av ulike former for magi er utbreidd.
Fantasy kan ofte likna science fiction i måten ein fjernar seg frå røynda på og let fantasien få fritt spelerom. Den viktigaste skilnaden på desse sjangrane er at det fantastiske i sci-fi dreiar seg om teknologi og vitskap, medan fantasy ofte er lite teknologisk framskridne samfunn der magi altså er ein viktig ingrediens.
J.R.R. Tolkien vert ofte rekna som den viktigaste forfattaren av fantasy. Hovudverket hans, Lord of The Rings, har inspirert mange andre som skriv i sjangeren. Andre viktige verk er The Chronicles of Narnia av C. S. Lewis, og i dei siste åra serien om Harry Potter av J.K. Rowling. I norsk samanheng er Margit Sandemo å rekna som den fremste forfattaren av fantasy. Ho har mellom anna gjeve ut serien Sagaen om Isfolket.
Gullivers reiser (1726) · Alice i eventyrland (1865) · Der Ring des Nibelungen (1876) · The Wood Beyond the World (1894) · The Wonderful Wizard of Oz (1900) · Peter Pan (1904) · The Lost World (1912) · The Worm Ouroboros (1922) · Conan the Barbarian (1932) · Hobbiten (1937) · Gormenghast (1946) · Narnia (1950) · Ringdrotten (1954) · The Once and Future King (1958) · Earthsea (1968) · Flukten fra Watership (1972) · The Chronicles of Thomas Covenant (1977) · The Book of the New Sun (1980) · The Dark Tower (1982) · Discworld (1983) · Tidshjulet (1990) · A Song of Ice and Fire (1996) · Harry Potter (1997)