Fiolar

Fiolslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Fiolfamilien Violaceae
Slekt: Fiolslekta Viola
L., 1753

Fiol er den einaste slekta i fiolfamilien (Violaceae) som finst i Norden. Her er det 20 artar i slekta, alle små eller middelsstore urter med veik stengel, hjarte- eller nyreforma blad og nikkande 5-talsblomster med spore. Dei dannar ofte hybridar.

På verdsbasis finst det om lag 500 artar, fleire av dei buskar og tre. På den sørlege halvkula finst dei særleg i fjella i Afrika og Sør-Amerika.

Fiolar i Norden

  • Stemorsblom V. trícolor
  • Åkerstemorsblom V. arvénsis
  • Fjellfiol V. biflóra
  • Marsfiol V. odoráta
  • Kvitfiol V. alba (Ikkje i Noreg)
  • Bakkefiol V. collína
  • Lodnefiol V. hirta
  • Krattfiol V. mirábilis
  • Sumpfiol V. uliginósa (Ikkje i Noreg)
  • Dalfiol V. selkírkii
  • Myrfiol V. palústris
  • Stor myrfiol V. epípsila
  • Sandfiol V. rupéstris
  • Skogfiol V. riviniána
  • Lundfiol V. reichenbachiána (Ikkje i Noreg)
  • Engfiol V. canína
  • Lifiol V. montána
  • Bleikfiol V. persicifólia
  • Dvergfiol V. púmila (Ikkje i Noreg)
  • Storfiol V. elátior (Ikkje i Noreg)

Kjelder

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
  • C. A. M. Lindman: Nordens flora. Oslo 1977.
  • Store norske leksikon. Oslo, 2006.

Bakgrunnsstoff