Fløyelskrabbe
Fløyelskrabbe | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Crustacea | |
Klasse: | Malacostraca | |
Orden: | Decapoda | |
Underorden: | Pleocyemata | |
Infraorden: | Brachyura | |
Familie: | Portunidae | |
Slekt: | Necora | |
Vitskapleg namn | ||
Necora puber |
Fløyelskrabbe (Necora puber) er ein stor symjekrabbe som finst langsetter atlanterhavskysten på den nordlege halvkula frå Nord-Afrika til Nord-Noreg. Ein finn han òg i Middelhavet og Svartehavet. Ved norskekysten er arten kjend frå Vestlandet frå Rogaland til Sogn, og med Lofoten.
Arten finst helst på steinbotn på nokså grunt vatn, men førekjem ned til ein 70 m djupn. Han er den raskaste og mest aggressive i den norske symjekrabbefaunaen, og kan godt finna på å gå til åtak på dykkarar.
Kjenneteikn
Fløyelskrabben høyrer til dei større symjekrabbane, og kan bli over 80 mm brei over skalet. Han er dekt med små hår som gjev han ein skittenbrun farge, bortsett frå nokre hårlause blå eller raude område på beina. Augo er karakteristisk raude.
Det ytste leddet på dei bakerste to beina er årebladforma, og på skalet mellom augo har han opp mot 7-10 små tenner.
Kjelder
- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003