Flaskbreen
Flaskbreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°47′S 62°25′W / 65.783°S 62.417°W | ||
Lengd | 46 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Flaskbreen 65°47′00″S 62°25′00″W / 65.7833°S 62.4167°W | |||
Flaskbreen , er ein slak isbre, 46 km lang, som flyt aust frå Bruce Plateau og ut i Scarfjorden mellom Daggoo Peak og Spouter Peak i Graham Land i Antarktis. Den nedre delen av denne breen vart kartlagt og fotografert av Falklands Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947. Heile breen vart fotografert av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition i 1955–56, og kartlagt frå FIDS i 1957. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter ein matros på kvalbåten Pequod i Herman Melville-romanen Moby-Dick.[1][2]
Sjå òg
Kjelder
- ↑ «Flask Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
- ↑ «Flaskbreen». Gna-GeographicNamesOfTheAntarctic1stEdition1981_djvu. s. 672. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Flaskbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).