Fokker Trimotor

«Southern Cross», flyet til Kingsford Smith, var ein F.VIIb–3m.
«Josephine Ford» på Ford Airport.
Fokker V.VIIb 3-m (CH-190) operert av Ad Astra Aero.
Fokker F.VII på Halim Perdanakusuma Airport i Batavia (no Jakarta).
A C-2 frå the United States Army.

Fokker F.VII var eit mindre tre-motors høgvinga passasjerfly, produsert av Anthony Fokker sitt Atlantic Aircraft Company, og seinare på lisens av andre flyprodusentar, mellom anna Avro som Avro 618X (618 Ten). Den opphavlege modellen frå 1924 var eit ein-motors, høgvinga fly. Men frå 1925 vart flyet produsert som eit tre-motors fly, og kjend under namnet Fokker Trimotor.

F.VII, saman med den nesten identiske Ford Trimotor, var det flyet som var det sjølvsagde valet og som dominerte på rutene til dei tidlege amerikanske flyselskapa, inntil Boeing 247 og Douglas DC-2 kom på marknaden tidleg på 1930-talet.

Ei transportutgåve vart produsert for det amerikanske flyvåpenet under nemninga Atlantic C-2. Denne må ikkje forvekslast med den mykje seinare Grumman C-2 Greyhound.

Nytta til flyet blant pionerer og oppdagarar

  • I mai 1926, berre dagar før Roald Amundsen flaug over Nordpolen med luftskipet «Norge», flaug Richard E. Byrd Spitsbergen – Nordpolen – Spitsbergen med ein Fokker F.VII med namnet «Josephine Ford». Det er seinare fastslått at Byrd ikkje nådde Nordpolen.
  • Richard E. Byrd med Bernt Balchen som co-pilot i fokkeren «America», 29. juni 1927 freista direkteflyging New York – Paris med fleirmotors fly. Han nødlanda utanfor kysten av Frankrike.
  • Charles Kingsford Smith kryssa som førstemann Stillehavet, med fokkeren «Southern Cross», i perioden 31. mai– 8. juni 1928, i tre etappar: Oakland i CaliforniaHawaiiSuvaFiji, til Brisbane.
  • Amelia Earhart kryssa som første kvinne Atlanterhavet den 17. august 1928 i ein Fokker F.VII kalla «Friendship» (må ikkje forvekslast med den seinare F-27 Friendship, som mellom anna Braathens) nytta.

Brukt av flyvåpen

  • Tsjekkoslovakia, Finland , Nederland, Nederlandsk Aust-india, Polen, Spania, USA, Jugoslavia.

Kjelder