Forsete
Forsete er i den norrøne gudelæra rettferdsguden. Han er sonen til Balder og Nanna.
Forsete var ugift og budde i borga Glitne som hadde tak av sølv og søyler av gull.
Kvadet Gylfaginning i Snorres Edda omtalar Forsete slik:
- Glitne er den tiande,
- av gullstolpar boren,
- med sølv, er taket tekt;
- der Forsete bur
- dei fleste dagar
- og stiller alle stridsmål