Fred Lawrence Whipple
Fred Lawrence Whipple | |||
![]() | |||
Fødd | 5. november 1906 Red Oak i Iowa | ||
---|---|---|---|
Død | 30. august 2004 (97 år) Cambridge i Massachusetts | ||
Nasjonalitet | amerikansk | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom | ||
Institusjonar | Harvard University | ||
Alma mater | University of California, Berkeley University of California, Los Angeles Occidental College | ||
Kjend for | kometane si samansetjing | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
Fred Lawrence Whipple (5. november 1906–30. august 2004) var ein amerikansk astronom, som arbeidde ved Harvard College Observatory i over 70 år, og var professor der frå 1950 til 1977, og så direktør for Smithsonian Astrophysical Observatory.
Han oppdaga fleire asteroidar og kometar, og kom med hypotesen om at kometar er «skitne snøballar», og designa Whipple-skjoldet.
Whipple publiserte fleire avhandlingar, særskild om kometar og meteorar, og to populærastronomiske bøker, Orbiting Sun: Planets and Satellites of the Solar System (4. utg. av: Earth, Moon and Planets, 1981) og The Mystery of Comets (1986).
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fred Lawrence Whipple» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2016.
- «Fred Lawrence Whipple», Store norske leksikon, 2009, 15. februar, henta 26. mai 2016