Freia

Freia

Org.formAksjeselskap
Skipa1889
Nedlagd1993
MorselskapMondelēz International
HovudkontorOslo i Noreg
LandNoreg
ProduktGodteri
Nettstadhttp://freia.no (norsk)

Freia er ei tidlegare norsk sjokoladeverksemd som sidan 1993 har vore ein del av fleirnasjonale Mondelēz International.

Sjokoladeplate med marabustork, kjenneteiknet til Freia.

Føretaket vart skipa i 1889 på Rodeløkka i Oslo. Det blei kjøpt av Johan Throne Holst i 1892, og voks til å bli den største sjokoladeprodusenten i Noreg. Etter Kraft-oppkjøpet fortsette noko av drifta Freia-fabrikken i Oslo. Store delar av produksjonen blei likevel sett ut til Litauen, Estland og Sverige etter omstruktureringar på midten av 2000-talet.[1]

Produkt

Nokre freiaprodukt gjennom tidene, med lanseringsår i parentes.

  • Freia Kakao
  • Selskapssjokolade (1895)
  • Mandelstang (1897)
  • Bugg (70-talet)
  • Freia melkesjokolade (1906)
  • Lohengrin (1911)
  • Firkløver (1926)
  • Monolit (1926)
  • Kvikk Lunsj (1937)
  • Cuba (1938)
  • Japp (1949)
  • Non Stop (1952)
  • Smil (1955)
  • Toppris (1969)
  • Krokanrull (1978)
  • Freia Melkesjokolade med Non-Stop (2007)
  • Freia Melkesjokolade med Daimbiter (2008)
  • Walters Mandler (2008)
  • Freia Melkesjokolade med Jordbær (2009)
  • Freia Melkesjokolade med Kvikk Lunsj (2010)
  • Walters No 156 (2011)
  • Freia påskeegg

Kjelder

  1. ««120 ansatte må gå i Freia»». dn.no. Dagens Næringsliv. 8. desember 2005. Henta 25. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff