Fromasj

Fromasj

Fromasj er ein dessert laga av halvpiska krem, gelatin, eventuelt eggedosis og ei smakstilsetjing[1] som sjokolade, frukt eller bær. Fromasj har ein lett, delikat og kremaktig konsistens, og kan kvelvast på eit serveringsfat[2].

Henriette Schønberg Erken omtalte fromasj og den nærskylde bavaroisen (som ein lagar med eggekrem i staden for eggedosis) som to forskjellige dessertar,[3] medan amerikanske Julia Child bruker omgrepa om kvarandre.[4]

Kjelder

Litteratur

  • Child, Julia, Louisette Bertholle og Simone Beck (1985). Det gode franske kjøkken. JW Cappelens forlag. ISBN 82-02-10754-7. 
  • Erken, Henriette Schønberg (1914). Stor kokebok for større og mindre husholdninger (15. utgave (1942) utg.). H. Aschehoug & Co. 
  • Hovig, Ingrid Espelid, red. (1995). Den nye rutete kokeboken. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-22391-2.