Gøran

Gøran er eit opphavleg svensk mannsnamn (Göran) som stammer frå det greske namnet Jeórjos (Georg, 'jordbrukar, bonde'). Gøran har norsk namnedag den 9. juli. Den svenske namnedagen for Göran blei flytta frå 9. juli til 23. april i 1992.

Avleiing

Det svenske mannsnamnet «Göran» er ei nyare form av «Örjan». Dette blei danna som Örian av den lågtyske namneforma Jurian. Det opphavlege greske namnet er «Jeórjos» (gr. Γεώργιος) er danna av ji (Γη, 'jord') og ergo (έργο, 'arbeid').

Namneberarar

  • Göran Tunström (1937-2000), svensk forfattar
  • Göran Persson (f. 1949), svensk statsminister, opphavleg Hans Göran Persson
  • Göran Greider (f. 1959), svensk musikar, opphavleg Per Göran Greider
  • Gøran Sørloth (f. 1962), norsk fotballspelar

Kjelder