Georgijevsk
Georgijevsk Георгиевск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Stavropol kraj | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1777 1786 | ||||
Borgarmeister | Viktor Gubanov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
25 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
69 202 2 768,1 /km² | ||||
Koordinatar | 44°09′00″N 43°28′00″E / 44.15000°N 43.46667°E | ||||
Høgd over havet | 300 moh. | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 357820–357831 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)86551 | ||||
Nettstad: www.georgievsk.ru |
Georgijevsk (russisk Гео́ргиевск) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Podkumok, ei sideelv til Kuma, rundt 150 km søraust for Stavropol.
Historie
Busetnaden vart grunnlagt i september 1777 som St. Georg festning langs forsvarslinja Azov-Mozdok. I 1783 vart Georgijevsk-traktaten mellom Det russiske imperiet og Georgia underteikna her. Han fekk bystatus i 1786 og voks så kraftig. Etter 1802 vart han senter i eit kaukasisk gubernija. Tidleg på 1800-talet var byen òg eit handelssenter, men frå 1822 vart byen mindre viktig.
Etter 1868 var Georgijevsk ein liten by i Tersk gubernija. I 1875,vart det bygd ein jernbanestasjon seks kilometer unna i Nezlobnaja. Dette førte til at byen igjen starta å vekse. I 1894 vart det første jernverket i byen grunnlagd. Dette var starten på ArZiL, den største verksemda i byen. I 1900 vart det oppretta eit slaktehus og ei oljemølle. I 1920-åra vart Georgijevsk det største industri- og handelssenteret i Predkavkazie, den sentrale delen av Nord-Kaukasus.
Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyskarane frå 9. august 1942 til 10. januar 1943. Etter krigen vart Georgijevsk det største senteret for maskinbygging i Stavropol kraj.
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Georgiyevsk» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2009.