Gerda

Skodespelaren Gerda Lundequist.

Gerda er eit kvinnenamn som kan vera avleidd av det norrøne ordet garðr som betyr ' gjerde' eller 'vern', ei kortform av kvinnenamn som Gerdeke eller Gertrud, eller ei kvinneleg form av det tyske mannsnamnet Gerd, ei kortform av Gerhard.

Gerd og Gerda har namnedag i Noreg og Sverige den 23. mars.

Bruk

Gerda (norrønt Gerðr) er namnet på ei jotunkvinne i norrøn mytologi som Frøy forelska seg i og gifta seg med.

Namnet Gerd er kjend på Island frå 900-talet, men i Noreg først fra 1800-talet. Gerd var blant dei mest brukte namna på nyfødde jenter i Noreg i perioden ca 1910–1950.

Namneberarar

Fotografen Gerda Taro.
  • Gerda Lundequist (1871–1959), svensk skodespelar
  • Gerda Ring (1891–1999), norsk skodespelar og instruktør
  • Gerda Madsen (1902–1986), dansk skodespelar
  • Gerda Maurus (1903–1968), austerriksk skodespelar
  • Gerda Taro (1910–1937), tysk fotojournalist
  • Gerda Gilboe (f. 1914), dansk skodespelar og songar
  • Gerda Neumann (1915–1947), dansk skodespelar og songar
  • Gerda Lerner (f. 1920), austerriksk-amerikansk historikar
  • Gerda van der Kade-Koudijs (f. 1923), nederlandsk idrettsutøvar
  • Gerda Weissmann Klein (f. 1924), polsk forfattar
  • Gerda Antti (f. 1929), svensk forfattar
  • Gerda Nicolson, (1937–1992), australsk skodespelar
  • Gerda Moter Erichsen (f. 1939), tysk-norsk filolog og omsetjar
  • Gerda Hasselfeldt (f. 1950), tysk politikar
  • Gerda Tolaas (f. 1965), norsk politikar

Kjelder