Glenn

Gravsteinen til Glenn Gould.

Glenn er eit namn med keltisk opphav. Namnet kjem av det skotske/irske ordet «gleann» som tyder '(trong) dal'.

I Noreg har namnet vore brukt som gutenamn sidan 1920-åra. Fram til 1950-talet var det sjeldan brukt, medan det var populært på 1970-talet. I 2006 er det 3826 menn og gutar som har Glenn som fyrste førenamn i Noreg. Glenn har namnedag 26. mars i Noreg og 22. april i Sverige.

I land som Storbritannia og USA vert Glenn også bruka som familienamn, og meir uvanleg som jentenamn.

Kjende namneberarar

Menn

Glenn Curtiss.
  • Glenn Curtiss (1878–1930), amerikansk luftfartpioner
  • Glenn Miller (1904–1944), amerikansk jazzmusikar og bandleiar
  • Glenn Ford (1916–2006), amerikansk skodespelar
  • Glenn Gould (1932–1982), kanadisk pianist
  • Glenn Hughes (f. 1951), engelsk bassgitarist
  • Glenn Hysén (f. 1959), svensk fotballspelar
  • Glenn Lyse (f. 1974), norsk musikar
  • Glenn Roberts (f. 1988), norsk fotballspelar

Kvinner

Etternamn

  • John Glenn (f. 1921), amerikansk astronaut og senator

Bakgrunnsstoff