Google Chrome
![]() | |||
Utviklar | |||
---|---|---|---|
Utgjevar | Google Play, App Store | ||
Nyaste versjon | 134.0.6998.99 (11. mars 2025)[1] | ||
Plattform | IA-32, x86_64, ARM | ||
Operativsystem | Microsoft Windows, Linux, macOS | ||
Skriven i | C++ | ||
OS-familie | Chromium | ||
Lisens | freeware | ||
Nettstad | https://www.google.com/chrome/ |
Google Chrome er ein open kjeldekode-nettlesar utvikla av Google. Han byggjer på komponentar frå andre open kjeldekode-nettlesarar som WebKit og Mozilla, og er meint til å forbetre stabilitet, fart, og sikring saman med eit enkelt og effektivt brukargrensesnitt.
Namnet
Nettlesaren er namngjeven etter ramma til brukargrensesnittet til nettlesaren, også kalla «chrome» på engelsk.
Sikring
Google Chrome hentar informasjon frå to såkalla svartelister (ei for nettfiske, og ei for sabotasjeprogram) og åtvarar brukaren når den prøvar å vitje ei skadeleg side. Denne tenesta er og gjort tilgjengeleg for andre via «Google Safe Browsing API». I arbeidet med å halde ved like desse listene, gjev google òg melding til eigarane av sidene, som kan vera uvitande om at sidene deira inneheld skadeleg programvare.
Brukargrensesnitt
- Fanebasert nettlesing. Der fanene er over adresselina, som på nettlesaren Opera.
- Nye faner syner miniatyrbileter av dei ni mest vitja sidene, saman med dei mest søkte, og bokmerkte sidene, og dei siste attlatne fanene.
- «Gears», er eit verktøy for å hjelpa utviklarar.
- Sprettoppvindauge er låste til den fana dei kjem ifrå.
Kjelder
- ↑ «Chrome Stable for iOS Update» (på engelsk). 11. mars 2025. Henta 12. mars 2025.