Granulasjon

Granulasjon er den kornete strukturen i det lysande, synlege overflatesjiktet eller fotosfæren til sola. Dei vert skapt av konveksjonsstraumar (Bénardceller) av plasma i konveksjonssonen til sola.
Dei ytre kantane av granulasjonane er mørkare fordi dei er kjøligare, søkkande plasma. Ein typisk granulasjon er kring 1500 km brei[1] og varer frå 8 til 20 minuttar, før dei løyser seg opp. Til ei kvar tid er soloverflata dekt av kring fire millionar granulasjonar. Under fotosfæren er det eit lag av supergranulasjonar, som er opp til 30 000 kilometer i diameter med ei levetid på opp til eit døgn.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Granule (solar physics)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Zirker, J. B. (2003). Sunquakes. Johns Hopkins University Press. s. 2.