Greatest Hits er eit samlealbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i Storbritannia den 26. oktober 1981.[1] Albumet bestod av dei bestseljande singlane til Queen sidan «Seven Seas of Rhye» i 1974 og fram til «Flash» i 1980 (somme land hadde med «Under Pressure» frå 1981). Det var ikkje noko universell sporliste på omslaget, og kvart ormåde hadde forskjellig innhald etter kva singlar som kom ut der og kva singlar som hadde vore ein suksess.
Greatest Hits vart raskt ein suksess og låg på toppen av UK Album Chart i fire veker, og låg meir enn 700 veker inne på den britiske albumlista. I Storbritannia er albumet det mestseljande gjennom tidene med over seks millionar selde eksemplar.[2][3][4] Det har seld til 8x platinaplate i USA, og er det mestseljande Queen-albumet verda over med meir enn 25 millionar selde eksemplar. Dette gjer det til eit av dei mestseljande albuma i verda gjennom tidene.[5][6]Radiohead-gitaristen Ed O'Brien hylla Greatest Hits som «feilfritt» og «absolutt genialt»,[7] medan den britiske journalisten Brian Viner kalla det det beste albumet som finst.[8]
Historie
Det var ikkje ei universell sporliste eller plateomslag for Greatest Hits, og innhaldet på plata var forskjellig frå område til område, basert på kva singlar som hadde kome ut der, og korleis singlane hadde gjort det. I somme tilfelle var det ikkje gjeve ut nok singlar i eit territorium til å fylle eit heilt album, trass i populariteten til bandet, og ein nytta eit par albumspor for å fylle opp albumet. Døme på dette var «Sweet Lady» og «Love of My Life», som aldri vart gjevne ut på singel i noko land, men som var på samlealbumet i somme regionar. I Storbritannia og USA inneheld albumet berre singlar som hadde nådd topp 20.
↑O'Brien, Ed (July 3, 2003). «Radiohead live at Le Réservoir (Paris, France)». Music Planet 2nite. Arte. «Queen did their Greatest Hits, and the first one is impeccable, isn't it? It's absolutely genius.»
↑«Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 12. august 2016.
↑«British album salstrofé – Queen – Greatest Hits». British Phonographic Industry.Enter Greatest Hits in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
Queen II-turneen · Sheer Heart Attack-turneen · A Night at the Opera-turneen · Summer Gigs 1976 · A Day at the Races-turneen · News of the World-turneen · Jazz-turneen · Crazy Tour · The Game-turneen · Hot Space-turneen · The Works-turneen · The Magic-turneen · Queen + Paul Rodgers-turneen (med Paul Rodgers) · Rock the Cosmos-turneen (med Paul Rodgers) · Queen + Adam Lambert-turneen 2012 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2014–2015 (med Adam Lambert) · Queen + Adam Lambert-turneen 2016 (med Adam Lambert)
Tilknytte artiklar
Diskografi · Konsertar · Queen + Paul Rodgers · Queen + Adam Lambert · Queen & Adam Lambert Rock Big Ben Live ·Highlander ·Flash Gordon · Ibex · Larry Lurex · Mike Grose · Smile · The Cross · The Brian May Band · One Night of Queen ·Queen: The eYe ·We Will Rock You · We Will Rock You: 10th Anniversary Tour · Queen at the Ballet · Deacy Amp · The Official International Queen Fan Club · Mercury Phoenix Trust · Queen Extravaganza Tour · Mountain Studios · Red Special ·Spike Edney · Jim Beach · John Reid ·