Guang'an

Guang'an (forenkla kinesisk: 广安; tradisjonell kinesisk: 廣安; pinyin: Guǎng'ān) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina, som i sør grensar mot byprovinsen Chongqing. Byprefekturet har eit areal på 6 344 km², folketalet vart i 2004 berekna til 4,53 millionar.
Byprefekturet Guang'an omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Geografi
Guang'an ligg langs kanten av Sichuansletta. Austdelen er fjellrik, den sentrale delen kupert, medan den vestlege delen er relativ flat. Høgda varierer frå 185 til 1 704 meter over havet. Dei største elvane er Qu som renn gjennom den midtre delen av Guang'an og Jialing som renn gjennom vestdelen.
Samferdsle
Kinas riksveg 212 går gjennom området. Vegen tek til i Lanzhou i Gansu og fører sørover via Nanchong i Sichuan til han endar i Chongqing.
Ymse
Deng Xiaoping var frå landsbyen Paifeng i Guang'an.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Guang'an» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Guang'an» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.