Guru Teg Bahadur

Guru Teg Bahadur

Fødd 1. april 1621
Amritsar
Død

11. november 1675 (54 år)
Delhi

Yrke guru
Religion Sikhismen
Far Guru Har Gobind
Ektefelle Mata Gujri
Guru Teg Bahadur på Commons

Guru Teg Bahadur dji eller Tegh Bahadur (1. april 162111. november 1675) var den niande av dei ti sikh-guruane og vart guru den 20. mars 1665 som etterfølgjar etter grandnevøen sin Guru Har Krisjan. Føre guru Teg Bahadur døydde, utpeikte han sonen sin Gobind Rai — som seinare fekk namnet Guru Gobind Singh dji — som den tiande (og, som det skulle vise seg, siste) av sikh-guruane i menneskeleg form. Det følgjande er ei oppsummering av hovudhøgdepunkta i livet åt guru Teg Bahadur dji:

  • Han lét byggje byen Anandpur Sáhib.
  • Han reiste kring ulike delar av India.
  • Han var ansvarleg for berginga av dei kasjmirske hinduane som vart forfølgte av mughalane, men miste sjølv livet.
  • Han bidrog med fleire hundre hymnar til Adi Granth.
  • Salokane (Mahal 9) mot slutten av Adi Granth er svært populære.
  • Guru Teg Bahadur dji døydde som martyr i Delhi under mughalkeisaren Aurangzeb.
  • Gurdvaraer bygde til guru Teg Bahadur sitt minne inkluderer:
    • Gurdvara Sis Gandj i Tjandni Tjauk i Delhi, der han vart avretta ved halshogging.
    • Gurdvara Rakab Gandj Sáhib i Delhi, der Lakhi Shah Vandjara brente ned huset sitt der lekamen åt guru Teg Bahadur dji låg, slik at kroppen hans kunne bli kremert.

Bakgrunnsstoff

Lyd