Gustav

Namnetrekket til arkeologen Gustav Hirschfeld (1847-1895).
Kunstnarsignaturen til Gustav Klimt.

Gustav eller Gustaf er opphavleg svenske mannsnamn, truleg frå norrønt Gautstafr, danna av gautr, 'mann frå Götaland', og stafr, 'stav'. Ei anna tolking er at det er ei svensk form av det nordvestslaviske Gostislav der namnedelane tyder 'venn' og 'ære, rykte'.

Gustav har namnedag den 6. juni i Noreg og Sverige.

Namnet har spreidd seg til fleire andre språk. På norsk og tysk er skrivemåten framleis Gustav eller Gustaf og på fransk Gustave. Den latinske forma av namnet er Gustavus, og på italiensk, portugisisk og spansk er ho Gustavo.

Ei seinare svensk form av namnet er Gösta. På finsk er namnet Kustaa.

Gustav Vasa måla av Lorens Pasch d.y.

Namneberarar

Kongelege

Andre

  • Gustave Courbet (1819–1877), fransk kunstnar
  • Gustave Flaubert (1821–1880), fransk forfattar
  • Gustav Nachtigal (1834–1885), tysk lege og oppdagelsesreisande
  • Gustav Mahler (1860–1911), austerriksk komponist og dirigent
  • Gustav Klimt (1862–1918), austerriksk kunstnar
  • Gustav Meyrink (1868–1932), austerriksk forfattar
  • Gustav Vigeland (1869–1943), norsk bilethoggar
  • Gustav Holst (1874–1934), engelsk komponist
  • Gustav Ludwig Hertz (1887–1975), tysk fysikar og nobelprisvinnar
  • Gustav Lorentzen (f. 1947), norsk musikar, humorist og forfattar
  • Gustavo Santaolalla (f. 1952), argentinsk musiker og komponist
  • Gustaf Skarsgård (f. 1980), svensk skodespelar
  • Gustavo Dudamel (f. 1981), venezuelansk dirigent
  • Gustav Schäfer (f. 1988), trommeslager i det tyske bandet Tokio Hotel

Kjelder