Hägglunds Bv206

Bv206 i USA si teneste, under namnet M973 SUSV (engelsk: Small Unit Support Vehicle)

Hägglunds Bv206 er eit svenskprodusert amfibisk rammestyrt beltedrive terrengkøyretøy, utvikla på 1980-talet. I 2005 var det i bruk i 35 land, mellom anna av det norske forsvaret, der det erstatta Volvo BM BV202. Forsvaret kallar det BV-206 (altså med bindestrek), og brukar det i hovudsak som personellkøyretøy for motorisert infanteri. Den blir òg bruka i fleire versjonar som til dømes bombekastar, sambandsberar og ambulanse. Forsvaret oppgir prisen på ei vogn til å vera rundt 1,3 millionar og driftskostnadene per kilometer til å vere kroner 63, begge i 1996-kroner[1].

Vogna består av to separate delar, og er rammestyrt ved at hydrauliske sylindrar verkar på leddet mellom vognene. Det er drift på alle fire belta, som er av stålforsterka gummi. Den ekstra girkassa er utstyrt med lågserie. Bv206 flyt, og kan ta seg over ope vatn med belta som framdrift.

Bv206 på lån til US Marines

Variantar

Namnet på variantane er Hägglund sine namn. Dei forskjellige militærvesna der vognene er i bruk kan ha andre nemningar.

  • Bv206 – basisvariant, vanlegvis fem- eller seksylindra turbodieselmotor frå Mercedes eller i enkelte tilfelle sekssylindra (V6) bensinmotor frå Ford.
  • Bv206S – pansra mot splintar, turbodieselmotor.
  • BvS10 – tyngre pansra enn Bv206S.
  • TL-4 – større versjon med Cummins turbodieselmotor og hytte frå Volvo lastvagnar, mellom anna i bruk av Sysselmannen på Svalbard. Ikkje amfibisk.
  • TL-6 – vidareutvikling av TL-4, bl.a. i bruk av Norsk Polarinstitutt. Ikkje amfibisk.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hägglunds Bv206

Sjå òg