Hå kommune

Hå kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Varhaug
Areal 257,99 km²
 - land 248,25 km²
 - vatn 9,74 km²
Folketal 19 649  (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Andreas Bjorland (KrF)
Kommunenr. 1119

Hå kommune
58°36′23″ N 5°43′29″ E
Wikimedia Commons:
Nettstad: www.ha.kommune.no

er ein kommune sørvest i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Klepp og Time, i aust til Bjerkreim og i sør til Eigersund. Han femner den sørlege parten av Jæren i tillegg til enkelte nordlege delar av Dalane.

Hå vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Nærbø, Varhaug og Ogna. Til kvar av dei gamle kommunane er det knytt ikkje så lite lokalpatriotisme. Difor er kommunalpolitikken særkjenna av ymse bygdelister.

Geografi

Sandstrand ved Ogna

I Ogna er det tydeleg kupert heilandskap med avgrensa jordsmonn som elles i Dalane. Landskapet endrar seg nord for Brusand, der det går over i det særeigne slettelandet med frodig morenejord som kjenneteiknar Jæren. Mot aust lyftar landskapet seg og går over i Høg-Jæren. Her finst dei høgste områda i kommunen, med Bruseknuten på 436 moh. på grensa til Time. Kysten har få skjergardar og det meste av kyststrekninga i kommunen ligg innanfor Jærstrendene Landskapsvernområde.

Busetnaden i kommunen er konsentrert til slettelanda nordover frå Brusand og om lag 80 % av folkesetnaden i kommunen bur på 1/3 av arealet. Frå sør ligg tettstadene Sirevåg med 711 innbyggjarar per 1. januar 2017, Brusand med 436 innbyggjarar per 1. januar 2017, Vigrestad med 2 094 innbyggjarar per 1. januar 2017, kommunesenteret Varhaug med 3 340 innbyggjarar per 1. januar 2017 og Nærbø med 7 433 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Næringsliv

Hå er ein viktig landbrukskommune og om lag halvparten av arealet i kommunen er nytta til jordbruk. Kommunen har størst jordbruksareal i Rogaland og arealet aukar stort grunna nydyrking av tidlegare unytta område. Hovudvekta i jordbruket er lagt på produksjon av husdyr med grasdyrking, og kommunen er den med flest storfe og størst svinehald i landet.

Industrien i kommunen byggjer i hovudsak på jordbruket med meieri, slakteri og næringsmiddelfabrikkar på Nærbø og produksjon av ferdigmat på Varhaug. På Vigrestad er det møbelindustri. Kommunen er den viktigaste arbeidsgjevaren i lokalsamfunnet med over 1300 årsverk.[1]

Samferdsle

Gjennom Hå går Jærbanen og alle tettstadene i kommunen ligg langsetter der jarnbanen har hatt haldeplassar og stasjonar. Fv44 går gjennom kommunen frå nord til sør. Aust for jarnbanen går Fv505 frå Varhaug og nord til Kvernaland og Sandnes. Frå Varhaug er det samband med E39 via Fv504. Frå Søyland vest for Nærbø går Fv507 nordover langsmed kysten over Jærens rev.

Kultur

Hå gravfelt

Den største turistattraksjonen i kommunen er strandsona med rikt fugle- og planteliv, strender og havbølgjer som bryt, høg himmel og eit skiftande lys. Det er opparbeidd gangsti som fylgjer den gamle Kongevegen langs sjøen. Ved Varhaug låg det på 1200-talet ei kyrkje som no er borte. Kyrkjegarden ligg der enno. Ved utløpet av Håelva er det fleire graver frå jarnalderen og der ligg også Hå gamle prestegard som i dag blir brukt til utstillingar. På Nærbø ligg Jærmuseet.

Det er ei rekkje fortidsminne i Hå. Særleg gravfeltet ved Hå gamle prestegard har minne frå jarnalder og folkevandringstida. Hå bygdemuseum har samlingar av kulturhistoriske bygningar og saker frå Grødeland bygdetun frå 1700-talet.

Forfattarane Tor Obrestad og Helge Torvund vart fødde i Hå kommune. På Obrestad ligg Obrestad fyr og Obrestad hamn.

Kommunenamn og -våpen

Namnet Hå er knytt til prestegarden Hå og Håelva. Prestegarden er gjort om til kultursenteret Hå gamle prestegard. Ein person frå Hå blir kalla håbu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon 5. juli 1991. Motivet er ein stubbrytar, eller steinbukk som ein seier på jærsk. Reiskapen vart mykje nytta på Jæren for å rydda stein før gravemaskinane si tid. Dei tre føtene til steinbukken kan symbolisera dei tre tidlegare kommunane.

Kjende folk frå Hå

Tor Obrestad

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hå kommune

Koordinatar: 58°36′58.0″N 5°38′41.9″E