Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskule
RektorOdd Helge Mjellen Tonheim (2023–)
StadVolda kommune
Studentar4 500 (2020)
Tilsette350 (2020)
Org.nummer974809672
Nettstadhttp://www.hivolda.no/ (norsk)
ErstattarMøre og Romsdal distriktshøgskule, Volda, Volda lærarhøgskule

Høgskulen i Volda
62°08′54″N 6°04′52″E / 62.14827778°N 6.08119444°E / 62.14827778; 6.08119444

Høgskulen i Volda (HVO) ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal.

Høgskulen i Volda er ein statleg høgskule i Noreg. Han vart etablert 1. august 1994 etter at det vart vedteke å slå saman dei to statlege høgskulane i Volda som ein del av Høgskulereforma i 1994. Høgskulane som fusjonerte var Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Volda lærarhøgskule.

Høgskulen er kjend for å ha lærar- og medieutdanning. I tillegg kan ein ta fag- og profesjonstudiar innan humanistiske fag og samfunnsfag. Faga kan takast i varierande omfang, frå halvtårseiningar til bachelorgrad, mastergrad og nokre doktorgradstudium, og ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Rektor er Odd Helge Mjellem Tonheim (sidan 2023).[1]

Avdelingar

Høgskulen har fire avdelingar:

  • Kulturfag
  • Mediefag (inkluderer bachelorgradene i journalistikk, PR og kommunikasjon, medieproduksjon og animasjon)
  • Humanistiske fag og lærarutdanning
  • Samfunnsfag og historie

Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studiar, og studentane har høve for å ta delar av den ordinære utdanninga si i utlandet ved eit av partneruniversiteta til høgskulen.

Studentlag

Organisasjoner som har studentlag ved høgskulen i Volda er blant andre:

  • Amnesty International
  • Changemaker
  • Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
  • Fellesorganisasjonen (FO)
  • Høgskulekoret
  • International Students Union (ISU)
  • KRIK
  • Natura
  • Norsk kommunikasjonsforening
  • Norsk Journalistlag
  • Norsk Målungdom, studentmållag
  • Pangaia
  • Pedagogstudentene
  • Peikestokken
  • Press
  • PR-studentane
  • RE:ACT
  • Studentradio
  • Student-TV
  • Symfoniorkesteret
  • Volda studentidrettslag (VSI)
  • Volda kristelige studentlag (VOKS)
  • Studentsamfunnet i Volda

Tidligare kjente studentar

Rektorar ved Høgskulen i Volda

Sjå også

Kjelder

  1. Strand, Hilde Kristin (18. juni 2023), «Den nye rektoren hevar regnbogeflagget: ― I Volda skal det vera trygt for alle», khrono.no, henta 5. oktober 2023 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Høgskulen i Volda