HVAC
HVAC står for Heating, Ventilation and Air Conditioning. HVAC vert gjerne òg omtala som klimakontroll eller liknande. Omgrepet HVAC vert på norsk brukt om system som styrer inneklimaet i store bygg.
HVAC er basert på dei grunnleggjande prinsippa om termodynamikk og væskemekanikk.
HVAC-styringa må ta omsyn til temperatur, luftkvalitet, HMT og estetikk i tillegg til at kostnadane ved installasjon og vedlikehald skal vera lågast mogleg. I eit anlegg med krav til eksplosjonssikkert elektrisk utstyr har ein vanlegvis eit lite overtrykk i alle bygg, for å hindra eksplosjonsfarlege gassar (hydrokarbongassar) i å trengja inn gjennom dører o.l. Dette overtrykket vert då ei av oppgåvene til HVAC-anlegget.
I eit HVAC-anlegg inngår:
- Styresystem, vanlegvis med programmerbare logiske styringar
- Vifter
- Kanalar for lufttilførsle og avtrekk
- Spjeld
- Måleinstrument for overvaking av trykk, temperatur og gjennomstrøyming
Sjå òg
- Varme-, ventilasjons- og sanitærteknikk
- Bygningsteknikk
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «HVAC» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2008.