Halvor Floden

Halvor Floden

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juli 1884
Trysil kommune
Død

3. desember 1956 (72 år)
Elverum kommune

Yrke barnebokforfattar, lyrikar, skodespelforfattar, skribent
Språk norsk
Halvor Floden på Commons

Halvor Floden (22. juli 18843. desember 1956) var ein norsk forfattar fødd i Trysil. Han skreiv bøker for born og ungdom.

I 1934 fekk han Melsom-prisen. Han fekk kunstnarløn frå 1950.

Han mottok tredjepremie i Kulturdepartementets premiering av barne- og ungdomslitteratur i 1950 for Vi er vener, og i 1952 fekk han tredjepremie for Trond og venene hans.

Halvor Floden skreiv mellom anna om Kari Trestakk og Frik med fela.

Forfatterskap

For barn
  • Brør og halvbrør, 1911
  • Fagerlia, 1915
  • Frik med fela, 1917
  • Englehatten og andre forteljingar, 1919
  • Kari Trestakk, 1922
  • Elden. Andre bok om Kari Trestakk, 1923
  • Furuberg-Finn, 1927
  • Aust på Kronskogen og andre soger, 1928
  • Finn i Gropa og fleire, 1929
  • I Granlia, 1930
  • Skogen og vidda, 1931
  • Gjenta frå landsvegen, 1936
  • Stor-Bjønn og Vesle-Ola, 1938
  • Mor i skogen. Eventyr, 1939
  • Eg har del i det, 1947
  • Sverre og moster Malla, 1948
  • Gullfuglen, 1949
  • Vi er vener. Tredje bok om Kari Trestakk, 1950
  • Trond og venene hans, 1952
  • Solbu, 1953
  • Grå ulvar og kvite svaner, 1954
  • Storfolk i grenseland, 1955
  • Guri Bråttom, (posthumt) 1957
  • Tommeliten på ikornrygg, (posthumt) 1966
For vaksne
  • Einstaka, 1912, roman for vaksne
  • Mitt land, 1921, dikt
  • Vi har bruk for deg, 1937, roman for vaksne
  • Kjartan i Steinåsen, 1949, roman for vaksne
  • Gleda, 1954, dikt
  • Ein fjellgard, (posthumt) 1968, sakprosa
  • Om folk og hendingar, (posthumt) 2019, sakprosa

Litteratur