Har Gobind Khorana
Nobelprisen i fysiologi eller medisin
1968
Har Gobind Khorana (9. januar 1922–9. november 2011) var ein indisk-amerikansk biokjemikar. Khorana vann nobelprisen i medisin i 1968 saman med amerikanarane Marshall W. Nirenberg og Robert W. Holley. Dei fekk prisen «for deira tolking av den genetiske koden og funksjonen han har i proteinsyntese.»
Khorana vart fødd i Britisk India (i det noverande Pakistan), men flytte seinare til USA og vart statsborgar i landet i 1966. Han døydde i Massachusetts i 2011.
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Har Gobind Khorana» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2011.