Haut-Rhin

Haut-Rhin
Våpenskjoldet til Haut-Rhin
Plassering
Plasseringa til Haut-Rhin i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 68
Region: Alsace
Préfecture: Colmar
Sous-préfectures: Altkirch
Guebwiller
Mulhouse
Ribeauvillé
Thann
Arrondissement: 6
Kantonar: 31
Kommunar: 377
Président du conseil général: Charles Buttner
Statistikk
Folketal Rangering 29.
 -1999 708 025
Folketettleik: 201/km²
Landareal¹: 3 525 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Haut-Rhin (Øvre Rhinen på norsk) er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Alsace, og er kalla opp etter elva Rhinen.

Historie

Haut-Rhin er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå den sørlege delen av den tidlegare provinsen Alsace.

Grensene har vorte endra fleire gonger:

  • I 1798 vart Mulhouse, ein tidlegare fri by og til slutt ein sveitsisk enklave i sør, ein del av departementet.
  • I 1800 vart heile departementet Mont-Terrible ein del av Haut-Rhin.
  • I 1814 vart område som hadde vore ein del av Mont-Terrible gjeve tilbake til Sveits, bortsett frå det gamle fyrstedømet Montbéliard;
  • I 1816 mista det Montbéliard igjen, som vart ein del av departementet Doubs;
  • I 1871 vart området annektert av Tyskland (Frankfurttraktaten). Den resterande franske delen danna Territoire de Belfort;
  • I 1919 gjekk området tilbake til Frankrike (Versaillestraktaten), men Belfort vart verande eit eige departement.
  • I 1940 vart området igjen annektert av Tyskland, denne gong Nazi-Tyskland.
  • I 1944 vart området erobra av Frankrike.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Alsace og grensar til departementa Territoire de Belfort og Vosges og fjella Vogesane i vest, Bas-Rhin i nord, Sveits i sør og på andre sida av Rhinen i aust ligg Tyskland. Sentralt i departementet ligg ei frodig slette. Klimaet er delvis kontinentalt.

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Haut-Rhinois.

Økonomi

Haut-Rhin er eit av dei rikaste departementa i Frankrike. Mulhouse er heimstad til bilfabrikken Peugeot, og produserer modellane 106 og 206. Den lågaste arbeidsløysa i Frankrike finn ein i området Sør-Sundgau (om lag 2 %). Mange innbyggjarar i departementet arbeider i Sveits, særleg i kjemiindustrien i Basel, men har vald å bu i Frankrike på grunn av billigare levekostnadar.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haut-Rhin