Heaven's in Here
Heaven's in Here Singel av Tin Machine frå albumet Tin Machine | ||
Utgjeve | 1989 | |
Innspelt | Montreux; Nassau, August 1988 - early 1989 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 6:01 | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent |
| |
Tin Machine-kronologi | ||
Heaven's in Here | «Under the God» (1989)
|
«Heaven's in Here» er det første sporet på det sjølvoppkalla debutalbumet av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Songen er skriven av David Bowie og vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1989.
Han vart framført på Tin Machine-turneen i 1989 og It's My Life-turneen i 1991-1992, og eit konsertopptak av songen kom ut på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).
Bakgrunn og utgjeving
«Heaven's in Here» var den første songen bandet skreiv og spelte inn i lag, og han kom til i løpet av omtrent ein dag,[1] sjølv om miksing og overdubbing fortsette i månadane etterpå.[2] Det var òg både den første og siste songen Tin Machine spelte i lag på scenen.[2]
Det vart laga ein musikkvideo for songen av Julien Temple. Songen vart forkorta ned til fire minutt og var meint for ein singel, men han kom berre ut på ein promosingel.[3]
Opningsriffet på songen vart stundom framført som intro til konsertversjonar av «The Jean Genie» under Earthling-turneen til Bowie i 1997, der Gabrels var gitarist.[3]
Innhald
- «Heaven's in Here» (redigert versjon) – 4:17
- «Heaven's in Here» (albumversjon) – 6:05
Medverkande
Tin Machine
- David Bowie – solovokal, rytmegitar
- Reeves Gabrels – sologitar
- Hunt Sales – trommer, korvokal
- Tony Sales – bass, korvokal
Produsentar
- Tin Machine
- Tim Palmer
Salslister
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
US Billboard Alternative Songs[4] | 12 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Heaven's in Here» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
- ↑ di Perna, Alan (1991), «Ballad of the Tin Men», Creem 2 (1): 50–59
- ↑ 2,0 2,1 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308.
- ↑ 3,0 3,1 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books.
- ↑ https://www.billboard.com/music/tin-machine/chart-history/alternative-songs