Hebrearar
Hebrearar (hebraisk eintal ivri, fleirtal ivrim ibrim) er ei nemning brukt i Det gamle testamentet/Tanákh om dei gamle israelittane.[1]
I Bibelen er patriarken Abraham omtalt ein enkelt gong som ivri. Omgrepet «hebrear» opptrer i den hebraiske Bibelen (Tanákh) både som namnet gjeve til Israelsfolka av andre folk, og som det dei nytta på seg sjølv.[2] Guden deira omtalar seg sjølv som «Gud for hebrearane» når han taler til Moses.[3]
I gresk og romersk tid kunne det greske ordet hebraios visa til jødar.[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Barstad, Hans M. (26. august 2014). «Hebreer». Store norske leksikon.
- ↑ Jon 1:9, Jeremia 34:9, Femte Mosebok 15:12, Andre Mosebok 21:2, Første Mosebok 40:15
- ↑ Andre Mosebok 3:18
- Denne artikkelen bygger på «Hebreere» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2018.