Help!

Help!
Singel av The Beatles
B-side

«I'm Down»

Språk engelsk
Utgjeve 19. juli 1965 (US)
23. juli 1965 (UK)
Innspelt 13. april 1965,
EMI Studios, London
Sjanger Folkrock[1]
Lengd 2:18
Selskap Parlophone, Capitol
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Ticket to Ride»
(1965)
Help! «We Can Work It Out»/
«Day Tripper»
(1965)
-kronologi
«Ticket to Ride»
(1965)
Help! «Yesterday»
(1965)


«Help!» er ein song av The Beatles som var tittelsporet på både albumet Help! og filmen Help!. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde førsteplassen i mange land, inkludert Noreg, Storbritannia og USA. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney (som alle Beatles-songar skrivne av desse to).[2] Lennon fortalte seinare at tittelen kom av desperasjon.[3] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 29. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon og tekst

«When I was younger, so much younger than today»

Lennon skreiv teksten til songen for å uttrykke presset på bandet etter den raske vegen til toppen av hitlistene etter fleire år som ukjend band. Sidan Lennon sin utryggleik motsa bilete av Beatles som eit optimistisk og sjølvsikkert band, følte Lennon at det nesten var umogeleg for tilhengjarane å forstå opphavet til songen. Forfattar Ian MacDonald skildrar songen som den første sprekka i skalet som Lennon nytta til å verne kjenslene sine i tida då Beatles vart verdskjende, og at dette var ein viktig milepåle i måten han kom til å skrive songar på.

I 1970 fortalte Lennon at sidan songen var så ærleg var det ein av favorittsongane hans av The Beatles, men han hadde ønskt at dei hadde spelt han inn i eit seinare tempo.

Teksten i songen opnar med «When I was younger, so much younger than today».

Medverkande

Personell per Ian MacDonald[4]

Innspeling og utgjeving

The Beatles spelte inn songen på 12 forsøk den 13. april 1965 i Abbey Road Studio Two. Dei første åtte forsøka var utan vokal.[5]

Singel- og album-versjonen er så smått forskjellige. Den amerikanske utgåva starta med ein James Bond-aktig instrumental.

I Noreg låg songen inne på VG-lista 14 veker, seks av dei på førsteplassen.

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1965) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 5
Canada Top Singles (RPM)[8] 1
Irland (IRMA)[9] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[10] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 1
Noreg (VG-lista)[12] 1
UK Singles (Official Charts Company)[13] 1
US Billboard Hot 100[14] 1
US Cash Box Top 100[15] 1
Vest-Tyskland Media Control[16] 2
Liste (1976) Plassering
Irland (IRMA)[9] 10
UK Singles (Official Charts Company)[17] 37

Songen nådde toppen av listene i fleire land i 1965 i følgje lister i Billboard: Australia, Hong Kong, New Zealand og Sweden.[18][19]

Årslister

Liste (1965) Plassering
US Billboard Hot 100[20] 7
US Cash Box[21] 11

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
United Kingdom 987,769[22]
USA (RIAA)[23] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver

Help!
Song av Deep Purple
frå albumet Shades of Deep Purple
Utgjeve Juli 1968
Innspelt 11–13. mai 1968
Pye Studios, London
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 6:01
Selskap Parlophone (UK (England))

Tetragrammaton (US)

Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) John Lennon, Paul McCartney
Produsent Derek Lawrence
Help!
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side

«Rock 'n' Roll Widow»

Språk engelsk
Utgjeve 25. februar 1984
Innspelt 1984
Sjanger Pop, R&B
Lengd 4:30
Selskap Capitol
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Wilton Felder, Ndugu Chancler, Joe Sample
Tina Turner-kronologi 
«Let's Stay Together»
(1983)
Help! «What's Love Got to Do with It»
(1984)


Help!
Singel av Bananarama (med Lananeeneenoonoo)
frå albumet Greatest Hits Collection
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1989
Innspelt Januar 1989
Sjanger Pop
Lengd 2:23
Selskap London Records
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Stock Aitken Waterman
Bananarama-singlar-kronologi 
«Nathan Jones»
(1988)
Help! «Cruel Summer '89»
(1989)


  • 1965 - The Newbeats på albumet Run Baby Run.[24]
  • 1968 – Deep Purple på debutalbumet Shades of Deep Purple.[25]
  • 1970 - The Carpenters på albumet Close to You.[26]
  • 1970 - The Muppets song ein versjon av songen på Sesame Street i episode 135.
  • 1975 - Caetano Veloso på albumet Joia.[27]
  • 1976 - Henry Gross i musikkdokumentare All This and The Second World War. John Lennon sa ein gong at dette var favorittversjonen hans av songen. George Harrison og Paul McCartney syng korvokal.[28]
  • 1976 - The Damned spelte inn songen som B-side til «New Rose».[29]
  • 1979 - Dolly Parton spelte ein bluegrass-versjon av «Help!» på Great Balls of Fire.[30]
  • 1980 - John Farnham gav ut songen som ein pianobasert ballade i langsamt tempo.[31] Versjonen hans nådde åttandeplassen i Australia..[32]
  • 1982 - Den sørafrikanske gruppa Hotline, med PJ Powers, gav songen ut på singel.[33]
  • 1984 - Tina Turner gav ut ein balladeversjon av songen (i lag med The Crusaders) og denne nådde 14. plassen i Nederland, 25. plassen i Belgia, og 40. plassen i Storbritannia. Songen var med på den europeiske utgåva av Private Dancer.[34] Songen vart mykje spelt på konsertane hennar ei tid framover og finst på Tina Live in Europe og konsertfilmen Private Dancer Tour.
  • 1985 - Roy Orbison framførte ein kortare versjon av songen i eit mykje meir langsamt tempo for fjernsynsdokumentaren Everyman: John Lennon «Journey In The Life".[35]
  • 1989 - Bananarama (med French & Saunders og Kathy Burke) som Red Nose Day-singel til støtte for Comic Relief. French, Saunders og Burke vart omtalte som «Lananeeneenoonoo"[36] (ein parodi på Bananarama). Denne versjonen nådde tredjeplassen i Storbritannia og var med i juleepisoden av Only Fools and Horses i 1989.
  • 1990 - Kylie Minogue framførte songen under John Lennon: The Tribute i Liverpool. Han vart òg spelt på Rhythm Of Love Tour i 1991[37]
  • 1991 - Waltari spelte «Help!» på debutalbumet Monk Punk.[38]
  • 1995 - Little Texas spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet for Beatles kalla Come Together: America Salutes the Beatles.[39]
  • 1995 - Roxette spelte ein akustisk verjson av songen i Abbey Road Studios. Denne kom først ut i 2006 i boksen The Rox Box/Roxette 86-06.
  • 1998 - The Punkles spelte ein punkverjson av songen på debutalbumet sitt.
  • 1999 - Claire Martin spelte ein langsam versjon av songen på albumet Take My Heart (med Noel Gallagher på gitar).
  • 2000 - Tsunku spelte «Help!» på albumet sitt A Hard Day's Night.
  • 2003 - Art Paul Schlosser spelte ein parodi av «Help!» ("Smelt") på albumet Words of Cheese and Other Parrot CD.
  • 2004 - Westlife spelte inn songen på Turnaround Tour.
  • 2004 - McFly spelte songen i 2004 på singelen Obviously. Songen finst på EPen Lost & Found: McFly Uncovered frå 2008.[40]
  • 2006 - Bebi Dol spelte inn songen på albumet Covek rado izvan sebe živi.[41]}
  • 2010 - Trans-Siberian Orchestra spelte ein roleg, balladeversjon av songen som ein del av deira «Gutter Ballet Medley» på konsertane sine.
  • 2010 - Vanilla Sky, eit italiensk punkrockband, spelte songen på albumet Punk is Dead.
  • 2011 - Cloud Cult spelte «Help!» for Minnesota Beatle Project, Vol. 3.
  • 2011 - Alvin and the Chipmunks og The Chipettes spelte inn songen som bonusspor på Target-utgåva av filmmusikkalbumet Alvin and the Chipmunks: Chipwrecked: Music from the Motion Picture.}
  • 2012 - Det amerikanske gutebandet Big Time Rush spelte inn songen (og andre Beatles-songar) som ein del av Big Time Movie og filmmusikkalbumet.}
  • 2013 - Hipsters spelte inn songen på ein EP
  • 2013 - Blaine Anderson (Darren Criss) og Sam Evans (Chord Overstreet) spelte songen i Glee.
  • Silverstein gav ut ein versjon av songen på det fjerde albumet deira, A Shipwreck in the Sand. «Help!» er òg blitt spelt av Michael Stanley, dc Talk, Alma Cogan, Rick Wakeman, Howie Day, Fountains of Wayne, John's Children, Marc Bolan og Peter Sellers. The Rutles-songen «Ouch!» er ein parodi.

Kjelder

  1. Unterberger, Richie. «1960-åra-Folk-Rock Overview». www.richieunterberger.com. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 9. oktober 2013. 
  2. Barry Miles, Paul McCartney, s. 199
  3. William J Dowlding, Beatlesongs, s. 97
  4. MacDonald 2005, s. 153.
  5. The Beatles Bible: Help! Vitja 11. oktober 2008
  6. "The Beatles – Help – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  7. "Ultratop.be – The Beatles – Help" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
  8. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. mars 2018.
  9. 9,0 9,1 "The Irish Charts – Search Results – Help". Irish Singles Chart. Retrieved 11. mars 2018.
  10. "Nederlandse Top 40 – week 32, 1965" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 11. mars 2018.
  11. "Dutchcharts.nl – The Beatles – Help!" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
  12. "Norwegiancharts.com – The Beatles – Help!". VG-lista. Hung Medien. Henta 11. mars 2018.
  13. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 11. mars 2018.
  14. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
  15. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  16. «Offizielle Deutsche Charts» (Enter «Beatles» in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018. 
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 11. mars 2018.
  18. «Hits of the World». Billboard: 30. 18. september 1965. Henta 30. mars 2011. 
  19. «Hits of the World». Billboard: 34. 25. september 1965. Henta 30. mars 2011. 
  20. Musicoutfitters.com
  21. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 25. desember 1965
  22. Copsey, Rob (19. september 2017). «The UK's Official Chart 'millionaires' revealed». Official Charts Company. Henta 11. mars 2018. 
  23. «American single salstrofé – The Beatles – Help». Recording Industry Association of America. Henta 11. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  24. The Newbeats, Run Baby Run Henta 18. april 2016
  25. «Songs Covered By Deep Purple». 
  26. John Williams (10 September 2009). «Classic and curious Beatles covers». BBC News. Henta 18. april 2016. 
  27. «Caetano Veloso Cover Songs». The Covers Project. The Covers Project. 2009. Arkivert frå originalen 22. september 2015. Henta 18. april 2016. 
  28. «All This and andre verdskrigen». In The Life Of ... The Beatles. Google. 29 April 2011. Henta 18. april 2016. 
  29. «New Rose By: The Damned». SongColeta. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18. april 2016. 
  30. «Dolly Parton Diskografi - Dolly Parton Great Balls of Fire». Starpulse.com. 1999–2012. Henta 18. april 2016. [daud lenkje]
  31. «Help! by The Beatles». Songfacts. Arkivert frå originalen 21. oktober 2016. Henta 18. april 2016. 
  32. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  33. «PJ Powers and Hotline». South Afrikan Rock Encyclopedia. 1999–2011. Henta 18. april 2016. 
  34. «Crusaders - Vocal Album CD». CD Universe. 1996–2012. Henta 18. april 2016. 
  35. «Help!». The Beatles Universe. Henta 18. april 2016. 
  36. «Comic Relief singles 1986-2001». UK Charts. 24 April 2003. Henta 18. april 2016. 
  37. chumberecks (8 January 2008). «Kylie Minogue - Help ( Live @ John Lennon Tribute Concert)». YouTube. Google. Henta 18. april 2016. 
  38. kluseba (3 April 2012). «Monk Punk Waltari». Encyclopaedia Metallum. Henta 18. april 2016. 
  39. «Come Together: America Salutes the Beatles». Allmusic. Henta 19 December 2012. 
  40. http://www.amazon.co.uk/Lost-Found-McFly-Uncovered/dp/B003ULKM2C
  41. Covek rado izvan sebe živi at Discogs
Føregangar
Toppen av VG-lista
The Beatles

6 veker, veke 33–38 1965
Etterfylgjar
«(I Can’t Get No) Satisfaction»
The Rolling Stones