Hovudkort
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c9/Hovedkort_ASUS_P4P800-E_Deluxe.jpg/220px-Hovedkort_ASUS_P4P800-E_Deluxe.jpg)
Hovudkortet er det viktigaste kretskortet i ei datamaskin. Alle større komponentar i datamaskina må koplast til hovudkortet. Den viktigaste eininga som koplast til er prosessoren. Det finst fleire produsentar av prosessorar, der AMD og Intel reknast som dei største for bruk i IBM-kompatible PC-er, sjølv om [VIA|VIA] byrjar å tre inn på markedet med lågeffektsprosessorar for tynnklientar. Andre typar komponentar kan vere minne, skjermkort, lydkort, USB-kontrollar og harddiskkontroller. På hovudkortet finn ein BIOS-en som er ansvarleg for oppstart av datamaskina, og generell konfiguarasjon maskinvaremessig.