Hoyerswerda
Hoyerswerda | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Sachsen | ||
Del av | Sorbian settlement area | ||
Areal | 95,44 km² | ||
Folketal | 31 404 (31. desember 2023) | ||
Hoyerswerda 51°25′59″N 14°15′00″E / 51.433055555556°N 14.25°E | |||
Wikimedia Commons: Hoyerswerda |
Hoyerswerda er ein by og ein kommune aust i forbundslandet, fristaten Sachsen i Tyskland, 55 kilometer nordaust for Dresden. Kommunen, som høyrer til Landkreis Bautzen, omfattar 95,5 km² og har 31 000 ibuarar.
Byen fekk byrettar i 1423. I 1759 fann Slaget ved Hoyerswerda stad her.
Sterk vekst i utvinninga av brunkol gjorde at folketalet i byen auka frå 7 000 til 70 000 i tiåra etter 2. verdskrigen. Samlinga av Tyskland i 1990 førte til at denne industrien kollapsa. Sju dagar i september 1991 fekk sosial oppreist stor merksemd, også utom Tysklands grenser. Rasistisk motivert vald gjekk ut over folk av utanlandsk opphav. Høgre-ekstrem ideologi har prega byen også i tiåra etter oppreisten.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hoyerswerda» frå Wikipedia på tysk, den 20. oktober 2024.