I'm a Believer

I'm a Believer
av The Monkees
frå albumet More of the Monkees
B-side

«(I'm Not Your) Steppin' Stone»

Språk engelsk
Utgjeve 21. november 1966
Sjanger Poprock
Lengd 2:47
Selskap Colgems Records
Komponist Neil Diamond
Tekstforfattar Neil Diamond
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Jeff Barry
The Monkees-kronologi 
«Last Train to Clarksville»
(1966)
I'm a Believer «A Little Bit Me, A Little Bit You»
(1967)


«I'm a Believer» er ein song skriven av Neil Diamond og spelt inn av The Monkees i 1966 med solovokal av Micky Dolenz. Singelen, som vart produsert av Jeff Barry, nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA siste veka av desember 1966 og låg på toppen i sju veker,[1] og vart den siste førsteplassen i 1966 og den mestseljande plata i 1967. På grunn av over ein million førehandsbestillingar selde han til gull berre to dagar etter han kom ut. Singelen er ein av færre enn førti singlar gjennom tidene som har seld meir enn 10 millionar fysiske kopiar verda over.

Historie

Neil Diamond hadde alt spelt inn songen før han vart spelt inn av The Monkees, og vert framleis spelt av Diamond på konsertane hans. Ei ny innspeling av Diamond, med noko ekstra tekst, kom ut på albumet September Morn, medan originalinnspelinga kom ut i 1967 på albumet Just for You. Neil Diamond foreslo òg songen for The Fifth Estate som spelte han inn i 1967 for albumet som skulle følgje opp hitten deira «Ding-Dong! The Witch Is Dead».

Innspeling

Studiogitaristen Al Gorgoni (som seinare spelte på «The Sound of Silence» og «Brown Eyed Girl») hadde arbeidd med Diamond på «Cherry, Cherry» og spelte òg på denne songen. Andre musikarar på plata var Sal Ditroia på gitar, Dick Romoff på bass, Artie Butler på orgel, Jeff Barry på piano og tamburin og Buddy Saltzman på trommer.

Neil Diamond-versjonen vert nytta i filmen Blood Simple i den amerikanske heimevideoversjonen,m en vart sidan erstatta av Four Tops-songen «It's the Same Old Song», som var det opphavlege valet for filmen.

Songen ligg plassert på 48. plass på lista til Billboard si Topp 100-liste gjennom tidene.[1]

Andre versjonar

Ein versjon av Robert Wyatt vart ein overraskande hit i Storbritannia i 1974 med Fred Frith på fiolin, Andy Summers (seinare i The Police) på gitar, og trommer av Nick Mason frå Pink Floyd, som òg produserte innspelinga. Dette var den første innspelinga til Wyatt etter ulukka som gjorde han lam.

I 1995 song dei britiske komikarane Vic Reeves og Bob Mortimer songen i lag med bandet EMF og denne nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia. Reeves & Mortimer la til ein «Oi!» etter den første linja i kvart vers, som sidan har vorte brukt i nyare innspelingar av songen.

Songen vart òg spelt av Smash Mouth og Eddie Murphy i 2001, som ein del av filmmusikken til filmen Shrek. Eddie Murphy, som spelar rolla som eselet i flimen, syng òg ein versjon av songen i sjølve filmen.

I 2010 spelte Neil Diamond ein enkel, langsam versjon av songen på albumet hans Dreams.

Utval innspelingar

  • 1966: The Monkees-singelen, òg gjeven ut i 1967 på albumet More of The Monkees
  • 1967: The Fifth Estate på albumet Ding-Dong! The Witch Is Dead.
  • 1967: The Four Tops på albumet Reach Out
  • 1967: The Ventures på albumet Guitar Freakout
  • 1967: Neil Diamond på albumet Just for You, gjeve ut i 1983 på albumet Classics: The Early Years
  • 1967: Caterina Caselli-singel, sungen på italiensk med tittelen «Sono bugiarda» (Eg er ein løgnar)
  • 1974: Robert Wyatt-singel, òg på albumet His Greatest Misses (2004)
  • 1979: Bram Tchaikovsky på albumet Strange Man, Changed Man
  • 1979: Neil Diamond på albumet September Morn (med ny tekst)
  • 1979: Tin Huey på albumet Contents Dislodged During Shipment
  • 1985: Barbara Mandrell på albumet Get to the Heart
  • 1990: Lulu Santos (på portugisisk) på albumet Honululu
  • 1992: The Frank and Walters på veldedigheitsalbumet Ruby Trax
  • 1995: Reeves & Mortimer med EMF, 3. plass i Storbritannia
  • 1996: Bobo the Bear og Micky Dolenz i ein episode av Muppets Tonight
  • 1996: Neil Diamond på albumet In My Lifetime
  • 2001: Cadet på albumet Cadet
  • 2001: Smash Mouth på Shrek: Music from the Original Motion Picture og albumet deira Smash Mouth
  • 2001: Eddie Murphy i filmen Shrek
  • 2002: Kidz Bop Kids på albumet Kidz Bop 2, og samleplata More Kidz Bop Gold (2006)
  • 2005: Sophie and Kia på Raw Beauty og Raw Beauty Acoustic Sessions.
  • 2005: Daniel O'Donnell på hans Rock n' Roll Tour
  • 2008: Brooke White i American Idol
  • 2008: Shrek the Musical
  • 2010: WeezerShrek Forever After
  • 2010: Neil Diamond på albumet Dreams
  • 2012: Madsen på singelen Love Is A Killer

I Noreg

I Noreg har det vore fleire innspelingar der songen er brukt:

  • I oktober 1980 brukte humor-gruppa Prima Vera melodien i songen «Det må være spøk» frå albumet Best of Ebba
  • I 1989 brukte Vazelina Bilopphøggers melodien i songen i «Da var det schäferen beit» frå albumet Tempo. For å knyte samanheng til originalversjonen vart schäferen kalla Monkey.
  • I 1997 gav Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel ut songen på albumet Get Together.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «The Billboard Hot 100 All-Time Top Songs». Billboard. Arkivert frå originalen 25. mai 2012. Henta 21. august 2013. 

Bakgrunnsstoff


Føregangar
«Green Green Grass of Home»
Tom Jones
Toppen av VG-lista
The Monkees

6 veker, veke 4–9, 1967
Etterfylgjar
«Penny Lane»/«Strawberry Fields Forever»
The Beatles