I Am...I Said
I Am... I Said Singel av Neil Diamond | ||
B-side |
«Done Too Soon» | |
---|---|---|
Utgjeve | Mars 1971 | |
Sjanger | Pop/rock | |
Lengd | 3:32 | |
Selskap | Uni | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Do It» (1970) |
I Am... I Said | «Done Too Soon» (1971)
|
«I Am... I Said» er ein song skriven og innspelt av Neil Diamond. Han vart gjeven ut som singel i mars 1971,[1] og gjorde det bra. Han klatra først sakte på listene, men nådde fjerdeplassen i Billboard Hot 100 i mai 1971.[2][3] Han nådde like høgt i Storbritannia.[4]
«I Am... I Said» tok Diamond fire månadar og skrive.[3] I teksten er songaren dradd mellom to verdenar:
- Well, I'm New York City born and raised
- But nowadays, I'm lost between two shores
- L.A.'s fine, but it ain't home —
- New York's home but it ain't mine no more...
Versa startar roleg i lågt stemmeregister, halvt talt og halvt sungen, med ein lett gitar og lette strykarar. I refrenget når songen toppen med kraftigare vokal og i høgare toneleie, horn, tyngre trommer og fleire strykarar, medan songeren er enno meir usikker:
- I am, I cried!
- I am, said I.
- And I am lost, and I can't even say why...
«I Am... I Said» vart sidan gjeven ut på Diamond-albumet Stones i november 1971. Singel versjonen startar plata, medan ein reprise av songen kjem sist på plata.[5]
Songen har stort sett fått god omtale av musikkpressa og Rolling Stone meinte teksten var glimrande i ei melding frå 1972.[5] Ein omtale av Diamond i The Daily Telegraph i 2008 kalla songen «rasande eksistensiell angst»,[6] og Allmusic kalla han «ein lidenskapleg framstilling av opprørte kjensler... veldig i tråd med den personlege songar/låtsrkivar-rørsla på den tida.»[1]
Diamond fekk sin første nominasjon til Grammy Awards for beste mannlege popsong med vokal.[1]
«I Am... I Said» finst i konsertversjonar på Hot August Night (frå 1972) og The Greatest Hits: 1966-1992 (frå 1992), i tillegg til fleire samleplater.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «I Am...I Said» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. Henta 20. august 2013.
- ↑ Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. s. 88. ISBN 0-8230-7511-7.
- ↑ 3,0 3,1 Jackson, Laura (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. s. 80–81. ISBN 1-55022-707-6.
- ↑ «Neil Diamond search results». everyHit.com. Henta 20. august 2013.
- ↑ 5,0 5,1 Gambaccini, Paul (20. januar 1972). «Neil Diamond: Stones». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. oktober 2007. Henta 20. august 2013.
- ↑ McCormick, Neil (5. mars 2008). «Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts». The Daily Telegraph. Henta 20. august 2013.