Idi Amin

Idi Amin

Partipartilaus
FøddTruleg 1923
FødestadKoboko, Kampala
Død16. august 2003
DødsstadKing Faisal Specialist Hospital and Research Centre
EktefelleSarah Kyolaba

Idi Amin (fødd ca. 1928[1] i Koboko, 16. august 2003) var ein ugandisk offiser og politikar; president og diktator i perioden 1971–1979. Nøyaktig fødselsdato er ukjend, men Amin brukte 1. januar som fødselsdag.

Amin vart kjent som ein svært brutal leiar og vart på 1970-talet samanlikna med historiske personar som Caligula, Hitler, Beria og Himmle.. I fleire av nabolanda vart han stempla som «sadist, mordar, fascist og undertrykkar».[2][3]

Karriere

Idi Amin innleidde den militære karrieren sin i 1946, då han verva seg til den britiske hæren i regimentet King's African Rifles (KAR). Han vart gjentekne gonger austafrikansk meister i tungvektsboksing i åra 1951–1960. I løpet av desse åra steg han i gradane, og etter at Uganda vart sjølvstendig i 1962 vart han utnemnd til sjef for hæren i 1966. Amin var ein av frontfigurane under militærkuppet i 1971, då den dåverande presidenten, Milton Obote, vart styrta, og Amin vart leiaren i landet.[treng kjelde]

Etter at Amin hadde utnemnd seg sjølv til president på livstid, og utvist alle asiatar frå landet med alvorlege konsekvensar for ugandisk økonomi, byrja han å få verdsopinionen imot seg. Den omsynslause forfølginga hans og massemord på menneskje frå blant anna acholi- og langostammane gjorde ikkje situasjonen betre. I 1978 vart Uganda invadert av eksilnasjonalistar og tanzanianske styrkar, og året etter greidde ein å styrta Amin, som då flykta til Libya.[treng kjelde]

Han busette seg seinare i Saudi-Arabia, der han levde fram til han døydde i 2003.[4]

Kjelder

  1. Endra fødselsdato
  2. VG - Amin personlig i TV (28.2.1977, s.38) Arkivert 6. mars 2016 på Wayback Machine. «Amin har i løpet av de år som er gått etter maktovertagelsen, lykkes i å bli sammenlignet med ikke bare Caligula, men også Hitler, Beria, Himmler og andre velkjente, historiske forbrytere av format. Nabolandene Kenya og Tanzania har man stemplet ham som fascist, sadist, morder, og undertrykker».
  3. VG - En av vår tids største tyranner (15.6.1977, s.19)[daud lenkje]
  4. Keatley, Patrick (18. august 2003). «Idi Amin». Henta 10. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff