Idrettsforeningen Fløya

Fløya
Skipa22. juni 1922;
102 år sidan
 (1922-06-22)
Liga1. divisjon (kvinner) (2020)
2. divisjon, avdeling 2 (menn) (2020)
UtmerkingarTromsø kommunes kulturpris
LandNoreg
ByTromsø
StadTromsø kommune
Anna2019: 1.-plass i 1. divisjon (kvinner)
2019: 1.-plass i 3. divisjon, avd 6 (menn)
Heimedrakt
Bortedrakt

Idrettsforeningen Fløya er eit idrettslag heimehøyrande i byen Tromsø. Laget vart stifta 22. juni 1922 og er særleg aktivt i fotball, med bogeskyting som den andre idrettsgreina til IF Fløya. Fløya spelar i grøne drakter med kvite bukser.

IF Fløya har særleg utmerkt seg i kvinnefotball. Frå 1990 til i dag har laget spelt fleire bolkar i den norske toppserien. Både i 2003 og 2005 kom Fløya på bronseplassen i toppserien. I 2006-sesongen tok laget seg til semifinalen i NM-cupen. Nina Nymark Andersen og Christine Bøe Jensen er dei mest kjende Fløya-spelarane.

Fløya sitt lag for menn vann Nord-Noregsmeisterskapen i 1936. Sidan det allnorske seriesystemet kom på plass i 1971 har Fløya-laget jamnast deltek på nivå 4 og 5.

Kvinnelaget i fotball

Laget spelar i 1. divisjon fotball (2020).

Spelarstallen

Endra 26. august 2020.[1]

  • 5 Regina Solhaug Fiabema
  • 22 Marie Aspenes, målvakt
  • 60 Andrea Klæbo Wie, målvakt
  • 4 Thea Karin Lovisa Selander, forsvar
  • 6 Veronika Sæthre
  • 7 Christine Bergvoll
  • 14 Adele Torvik
  • 9 Vilde Bratland, midtbane
  • 15 Martine Fredrikke Hansen
  • 19 Sandra Rebecca Nikolaisen Simonsen
  • 21 Amalie Isabell Taraldsen
  • 24 Emma Granlind
  • 26 Sofia Margrethe Sørensen Mikaelsson
  • 28 Emily Kvaal-Tanguay
  • 31 Eline Sofie Hestsveen
  • 35 Sara Dønland
  • 10 Kamille Hofsøy Steffensen, angrep
  • 11 Henriette Michelle Blomstereng
  • 20 Marthe Hansen

Herrelaget i fotball

Laget spelar i 2. divisjon (2020).

Kjelder

  1. Fløya Kvinner Senior A . NFF.no

Bakgrunnsstoff