Idrettslaget Leik

Idrettslaget Leik er heimehøyrande på Hølonda i Trøndelag og vart skipa 6. januar 1894 som Skilaget Leik.[1] Laget har i dag aktivitet innan trim og friidrett, handball, fotball, ishockey, orientering og ski. Leik-medlemane Magnar Estenstad, Toralf Engan og Oddvar Brå har alle vore i verdseliten i skisporten.

Laget har har to ljosløyper for langrenn, ein hoppbakke, ein ishockeybane med kunstis, to fotballbanar og ein idrettshall.

Noregsmeisterskap

  • 1954 – NM på ski 3 x 10 km stafett for menn

Kjende utøvarar

  • Magnar Estenstad – langrenn – bronse på femmila i OL i Oslo 1952, noregsmeister på femmila 1948, 49, 52, 53 og 54 og på tremila i 1950.
  • Toralf Engan – hopp – olympisk meister i stor bakke OL i Innsbruck 1962, vinnar av hoppveka 62/63, verdsmeister i normalbakke 1962 og noregsmeister i 1961.
  • Oddvar Brå – langrenn – verdsmeister på 15 km og stafett i Oslo 1982, 16 individuelle noregsmeisterskap i langrenn og eitt på 20 km terrenglaup, vinnar av verdscupen i langrenn 1975 og 1979.
  • Svein Lilleberg – langrenn – fem gonger paralympisk meister

Referansar

  1. Nettstaden til Idrettslaget Leik: «Leiks historie», arkivert frå originalen 4. august 2012, henta 29. januar 2012 

Bakgrunnsstoff